torsdag 26. februar 2009

Tsagaan Sar

Då va det jammen meg på tide med ei litå oppdatering. Dagane og vekene går fort!
Sist mandag ankom familien Sørhus landet. Ein koselig familie på 4, og foreldrene ska studera språk i UB et år framøve. Eg fekk meg to nye kameratar, Solveig og Samuel på 1 og 4, som eg fekk væra med mens foreldrene ordna alt som sko ordnas. Blei koselige dagar med lego, uteleking, høgtlesing og alt som hørre med.

Så kom eg meg endelig ut te Khovd igjen. Reiste tidlig tirsdag morgen fra UB, på et fly som gjekk akkurat på minuttet når det sko! Det va for øvrig det minste flyet eg har reist med noken gong, propellfly med 30 seter :p Når eg landa blei eg henta av heile DNS, og blei kjørt te kontoret der bl.a. diverse bursdags- og julekort hadde logge ei stund og venta på meg. I går starta Tsagaan Sar, mongolsk nyttår. Dei fleste familiar lage minst 1000 bååts (dumplings, kjøtt pakka inn i deig og dampkokt) før disse dagane, og jammen blir det spist opp og! Opplegget e at ein reise rundt og besøke kvarandre, og kvar plass ein e spise ein bååts, drikke melkete og utveksle gaver. Første dagen tar ein dei nærmaste, men både andre og tredje dagen kan væra travle besøkelsesdagar det og. Eg va på 3 besøk fra morgenen av i går, og på den siste plassen va det blitt trongt om plassen i magen ja. Men eg ska ikkje sei noke som helst, den eine familien her e nå på sitt niende besøk på to dagar - eg trur det danse bååts foran auene deiras ette kvart! Eg har vært heima med dei minste ungane deiras i dag, trur det passte godt for oss alle sammen :p Men tross fulle magesekkar e det kjekt med høgtid, og det e spennande å treffa folk og å væra med på noke som e så mongolsk!

torsdag 12. februar 2009

Ukas bilde

 
og ellers har eg det fint :)

måndag 2. februar 2009

Jaudå

Dagane rusle og går her i hovedstaden. Eg bur hos familien Berg, og jobbe med ungane her om ettemiddagen. Om formiddagen e eg ein del borte på ISU, den internasjonale skulen ungane går på, og hjelpe te med undervisning og litt bibliotekjobbing der. Ellers har eg litt andre ting eg pusle med, men det går ein del tid te film og ut-på-turing og. Strengt tatt burde eg nytta sjansen te å dra fram mongolskbøkene mine - det e tross alt 6-7 veker siden forrige time. Hadde planar om å få satt meg ner og gått gjennom alt eg har lert i haust og fått det spikra inn før eg komme tebake te Khovd igjen, men har ikkje ofra det et sekund ennå...:S

Ellers kunne eg sikkert skreve møkje om alt eg lere om oppdragelse av både hundar og ungar for tiå, eller om Criminal Minds, DaVinci-koden, Ugly Betty, Mesternes Mester og Constance Ring som e mine kulturelle opplevelsar i øyeblikket, om familiesamling og internasjonal gudstjeneste, om ullbutikken der eg legge igjen altfor møkje penger kvar gong eg e innom, planlegging av studier og møkje aent for neste år, at eg glede meg te å få besøk av familien i påsken, bibelgruppa i kveld og så møkje aent rart. Men det får bli ein aen dag.