laurdag 30. august 2008

Mat!

Detta blir tredje innlegget på rad som handle om mat matlaging, men det e faktisk ein ting eg bruke ein del tid og krefter på for tiå. For her i landet e det ikkje bare å kjøpa ein pose Toro etelleraent og ein pakke kjøttdeig, så har du ein middag. Det mesta blir gjort fra botn, og vel så det. Eg syns det e overgang fra Kvitsund der eg gjekk te ferdig mat kvar dag, te her der eg komme sliten heim fra jobb - og så e eg nødt te å finna på noke, kanskje handla det eg mangle og ikkje minst laga maten. Det e vel ein del husmødre som ler og tenke "jaja, velkommen te kvardagen" akkurat nå, men eg merke jaffal at det å få i seg mat kreve meir her enn det har gjort noken gong tidligare. Og når eg ikkje akkurat e mesterkokk fra før heller... Men sammen med Ingrid Espelid og velvillige sjeler så trur eg faktisk det ska bli skikkelig husmor av meg i løpet av detta året. For eg syns det e kjekt!

I dag har eg hatt 3 sterke matopplevelsar.

For det førsta bakte eg grovt brød. I går fekk eg endelig somla meg te å få noken te å lera meg opp i mjølsortane som e få tak i her, og kossen ein kan få te grovt, godt brød. Så i dag tidlig satte eg ein deig, og ette kvart blei det rundstykker på meg te frokost. Det e den beste frokosten eg har hatt siden eg kom te landet (som forresten e 4 veker siden i dag. 4 veker!). Det gjekk jo heilt fint å få te det brødet, det blei nesten i grovaste laget:D Men det va herlig å eta sånn mat igjen, det e så møkje meir å gå på enn lys loff og toast.

Så va eg på kjøttmarkedet og kjøpte meg kjøtt. Det har eg heller ikkje gjort her ennå, men det va nå bare å peika og finna noke som såg greit ut. Det e verken pakka i plast eller lagt i kjøledisk det kjøttet eg kjøpe her, det ligge bare framme på noken bord, og onna bordet ligge hodet te dyret så du ser ka type kjøtt det e. Nam. Klumpen eg kjøpte i dag (te 14 kr kiloen) såg sånn ut:Eg tok an med heim, skar vekk bein og fett og fraus ner i passelige porsjonsklumpar. Så nå blir det kjøttmat på meg! Eg går og irritere meg litt øve det at det fins så få typar kjøtt her. Det e sau, geit, okse og yak, og that's it. Jo, det e jo litt pølser og skinka på boks å få tak i. Men svinekjøtt, kylling, forsåvidt fisk og, det kan me bare drømma om. Så møkje av maten smake likt. Og det samma gjelde grønnsaker. Får tak i gulrot, kålrabi, løk og kål, men når eg ser i oppskrifter der du ska ha blomkål, brokkoli og andre luksusvarer oppi så blar eg fort videre. Får tak i litt hermetisk og på glas, feks sopp, bønner, erter og mais, så det hjelpe jo på!

Dagens siste opplevelse va god, gammaldags risengrynsgrøt. Mari og Øystein kom opp te meg, og så kokte me oss skikkelige grøt. Fytti gwisen, det va godt. Det va ganske lenge siden sist. Men det trenge ikkje bli så lenge te neste gong! Å koka grøt har eg jo lert av pappa:D

Så sånn e det ein blir mett i Khovd. Ein ting som e herlig å konna ty te når det trengs, det e jo å eta ute. Koste 10 kr for et måltid. Så det e jo overkommelig...

onsdag 27. august 2008

Ein ny sjanse

Ette styret i går med muffinsane, og oppmuntra av fleire skeptiske kommentarer te matlaginsevnene mine her på bloggen (og tidligare), fant eg i dag ette jobb ut at det bare va å komma seg opp på hesten igjen. Så eg fekk tak i steikebrett te ovnen, lette fram Sigrun si utmerka oppskrift på boller, handla inn melk og gjær, og har nå bakt 24 store nydelige boller! Eg e fornøyd med meg sjøl!Så nå e alt klart for ein kveld med film, nybakte boller og tekoppen på siå. Digg!

Noken som lure på kossen eg har greid å steika boller ette at heile stikkontakten blei svidd opp i går? Joda, rektor Kjetil va her i går kveld og fekk ordna sånn at eg kan bruka strømuttaket på kjøkkenet. Men foreløpig bare te ein ting om gongen. Så kjøleskapet står i te vanlig, men når eg trenge komfyren eller varmtvatn trekke eg det ut og sette i det eg trenge. Vatn koke eg på soverommet. Så sånn e det.

tysdag 26. august 2008

For ein dag!

I kvardagen e det lett å glømma at eg faktisk bur i Khovd. Men plutselig skjer det noke som gjer at du blir minna på at det e sånn det e.

Dagen starta begivenhetslaust med at eg assisterte i 2 timar kunst og håndverk. Ette desse hadde eg ingenting før SFO kl halv 2, og tenkte å bruka tiå på planlegging og forberedelsar. Blant aent måtte eg handla inn bakevarer, programmet for SFO i ettemiddag va nemlig at me sko heim te meg for å se leiligheten og baka sjokolademuffins. Det førsta som skjedde va at eg ikkje fekk tak i egg. Det hadde ærlig talt ikkje falt meg inn at det konne bli et problem å kjøpa egg, men ette å ha lett gjennom fleire butikkar, spurt erfarne Khovd-bebuerar ette tips, gått tebake te butikkar som va stengt når eg prøvde første gong, så innsåg eg at egg ikkje va å få tak i. Historien endte med at rektorfruen ofra noken egg som hu hadde.

Så sko me altså baka. Det va stor stas, me blanda og rørte te den store gullmedaljen. Når eg sko setta muffinsane i steikeovnen (som eg ikkje har brukt før) fant eg plutselig ut at eg bare har ei rist, men ikkje langpanne. Eg va sikker på at eg hadde steikebrett, men den gang ei. Jaja, tenkte frøken Hauge og la muffinsformene ut øve ristå, og satte klubben inn i ovnen.

Det hadde ikkje gått mången minuttane før det lukta skummelt svidd i leiligheten, og det viste seg at stikkontakten såg sånn ut:
Søren. Siden det bare e et strømuttak i kvart rom blir detta her på kjøkkenet brukt te både varmtvannstank, kjøleskap og komfyr. Det har gått bra te nå, men når eg brukte steikeovnen blei det nok. Me fekk skrudd av komfyren og dratt ut kontakten - så nå har eg ikkje strøm på verken varmtvatnet eller kjøleskapet - og sko gå ner på skulen for å steika ferdig herligheten. Men improvisasjonen min med rist i stedet for steikebrett hadde gått litt skeis, så i steikeovnen såg det sånn ut:Me fekk plukkt med oss muffinsane som fortsatt va i orden (det va tross alt flesteparten), kom oss ner på skulen der strømmen gjekk når me kom inn dørå, men takk og lov så kom an på igjen ette ei kort stonn, og me fekk stekt og spist muffinsane. De blei faktisk god. Men nå har eg brukt opp kvoten min av krefter for ein dag!

Når sånt skjer så e det litt deilig å tenka at det e faktisk noken som har det verre. På søndag va me nemlig på tur 2,5 mil herfra te ein aen "kommune" der det bur ein liten amerikansk misjonærfamilie. Dei bur i samme inngjerding som ein mongolsk familie, og desse familiane har kvar sin ger (mongolsk telt) som de bur i. De bruke vatn fra elvå, og ellers reise de te Khovd, sivilisasjonen, for å dusja ein gong i vekå. Dagane går te å knytta relasjonar og prøva å få igang litt misjon/hjelpearbeid ette kvart. Men de må vær forsiktige, for området e spesielt fiendlig mot kristne. De rekne med at det e 5 kristne i kommunen. Ka som får sånne folk te å gjer det de gjer, det begripe eg ikkje. Jo, det må jo vær snakk om kall, men det e imponerande kossen den familien har klart å forlata så møkje materielt og ellers. Plutselig blei eg glad eg har dusj i det heila tatt, om det ikkje e varm vatn i an for tiå...

Me spiste inne i geren te den mongolse familien. Gerar e bare et, rundt rom, og detta e ca halve rommet. Det e ikkje møkje boltreplass! Onna her e mor i huset som koke suppa te oss. Ovnen pleie å stå inne i geren, men dei hadde an vel ute siden det e sommar og varmt nok uansett.Det va 3 stykk som sykla på denna turen, mens me va 3 som kjørte følgebil. Og det va me glad for! For ein gongs skyld va det ikkje sol og blå himmel, men sandstorm, regn og hagl. Men desse guttane her sykla både bort og heim igjen. Imponerande! Konne sikkert lagt ut om turen og, men det får bli ein aen gong...

laurdag 23. august 2008

Å finna seg sjøl

Eg holde jo på med et unikt prosjekt i år, med tanke på det at eg reise tebake te det landet eg vokste opp i. Det gir ein del spesielle situasjonar, både gode og dårlige, og det komme eg sikkert tebake te når det passe sånn. Men noken e bare vittige. Feks det å pakka opp ein skule som eg har gått på i 5 år sjøl.

Den sista vekå har komt øve, blant aent:
Ein god haug VHSar som det står HAUGE på med sprittusj.
Lika mången bøker det står "Hauge, utlånt DNS" inni.
Oppgavebokå mi i norsk fra 3.klasse. Ja, hu va der fortsatt ette 11 år.
Matboksen vår som har blitt min igjen:

Ein del ting eg har vært med og lagd, feks gardinene me har på skulen, potettrykt høsten 99 om eg ikkje huske heilt feil:Putetrekket mitt e av samme stoff som skillegardinå eg og Sissel hadde på rommet vårt. Tilfeldig? Neppe.
Og her ein dag dukkte det opp noken gamle fotoalbum med det eina blinkskuddet ette det andra av meg og resten av gjengen som gjekk på DNS på den tiå. Feks detta bildet fra 5.klasse:

Så for tiå finne eg meg sjøl, heilt bokstavlig talt. Som sagt, det e vittig. Og det e nå litt godt at litt av det Mongolia eg kjenne fra eg va liten e her ennå...

Og sånn ser det ut her, e det ikkje nydelig? Fra skuleturen te elvå på torsdag, me prøvde (og mislyktes i) å setta opp lavvoen...

onsdag 20. august 2008

Første skuledag

Då va me i gang!

Klokkå 9 i dag morges møtte 4 spente 1.-3. klassingar, ein rektor, ein lerar og ein miljøarbeidar opp på den norske skulen i Khovd for å starta et nytt skuleår. Det gjekk som det suste! Dagen i dag handla mest om å bli kjent med kvarandre, skulen og uteområdet. Trur alle syns det såg greit ut! Uansett veldig kjekt å komma i gang. I mårå drar me på tur te elvå, på fredag har me litt forskjellig opplegg, og fra mandag av kjøre me vanlige veker med timeplan og faste lekser.
Oppgavene mine på skulen blir:
- undervisa i musikk og gym, og væra med i norsk og kunst og håndverk
- ha førskule med to "nullteklassingar"
- ha SFO kvar ettemiddag med alt mulig opplegg, matlaging, turar, spel, lek - bare fantasien og kapasiteten sette grenser!
I tillegg ska eg sitta barnevakt ein gong i vekå, og der har me egentlig arbeidsoppgavene mine i år. Eg e voldsomt spent på kossen detta blir, men alt ligge an te at detta kan bli jysla kjekt:D
Å, pleie det ikkje å gå esel i gatene der du e i år, seie du? Jaja, her ser du et eg traff her ein dag.
Og eg må forresten gjer oppmerksom på at det komt noke nytt i margen her på bloggen, nemlig postadresså mi. Hu står der for å brukas. Eg tør nesten garantera svar på alle brev, så hvis du har tom posthylla for tiå e det bare å setta seg ner og skriva!

søndag 17. august 2008

Eg kjøre bil

Først og fremst: eg e blitt god igjen. Takk te alle som har bekymra seg! Det gjorde seg med ein del timar te sengs, og allerede utpå dagen på fredag va eg igang igjen, om enn litt redusert. Nå har eg sove godt og møkje dei siste nettene (og sett ein del episodar Akutten...) så nå e eg på plass igjen. Herlig! Det e noke dritt når ein ikkje fungere sånn som ein vil.

Men øve te noke ennå kulare:
Ja, sånn e det bare. Eg har vært ute i dag og kjørt bil. Og det e kje noke Golf detta, for å sei det sånn! (Eg trur faktisk bilen te Finken hadde fått plass onna denna her:p) Her det møkje av det mesta, både krefter og kvalitet og det som e. Eg må innrømma eg syns det e SKAMKULT at eg som 18åring får kjøra rundt i noke sånt. Men, det må vær sagt, at her trengs det at bilane e såpass og. Vanlige personbilar som folk tralle rundt i i Norge hadde ikkje holdt mången metrane før de hadde sotte seg fast i ei grøft/punktert/snurra rundt/drukna...
Her ser dåkke vei av forholdsvis god standard, hvis ein fortsette bortøve her havne ein i UB ette ein 30-40 timars kjøring.
Og her skimte dåkke den svære innsjøen som ligge utanfor byen.

Eg har nettopp komt inn ette ein biltur sammen med Mari og Øystein (eg måtte ha meg ein "kjøretime" i detta vidunderet av ein Land Cruiser). Me kjørte øve ein knaus utanfor byen her og såg altså ner mot innsjøen på eina siå og byen på andre. Detta va akkurat mens solå gjekk ner, og va bare vidunderlig fint. Det e et sprøtt land eg e i, og naturen må opplevas, det går ikkje an å forklara med verken bilder eller ord. Det e brunt, flatt, svært og heilt tomt og uberørt. At detta e samme klode som dei norske fjordane og fjellå ligge i, det e meir enn eg begripe.

Denna bilturen va ein liten impulsting på vei heim fra elvå. Heile NLM-Khovd va på tur i dag, 20 stykk med stort og smått! Der va det grønt og rolig, me bada og lekte og koste oss. Nais. Eg trur me trenge å vær litt i lag på denna måten og, for ellers går det mest i bygging og bæring for tiå. Det e litt av ein jobb å starta opp nytt sånn som me gjer her, særlig når me ska bygga hus, flytta inn i kontor, skule og heimar og få alt te å fungera rimelig bra. Det e jo så møkje som må fiksas av elektrisitet og røyr og vasking og oppakking at det e te å bli matt av. Eg har styrt på skulen, som jo e det eg ska ha mest å gjer med. Me har skulestart på onsdag, og har dreve og bert på pultar, satt bøker i hyller, ordna kjøkken og litt av kvart. Håpe alt blir sånn tålig i orden te elevane komme... Ellers glede eg meg te skulestart, det e ein herlige gjeng ongar og me ska finna på heftig møkje gøy sammen!!

torsdag 14. august 2008

Eg e heilt framme!

Nå e eg endelig i Khovd. Det e nydelig å vær framme.

Flyturen gjekk bra, byen e fin. Khovd kan enklast beskrivas som grå, sandete og rolig. Heldigvis e det ikkje så gale longt te elvå og innsjøen der det e grønt, og det e masse høge fjell rundt byen som gjer at det rett og slett e ganske koselig her. Me e definitivt på landsbygdå, og merke faktisk at kulturen e ein aen her enn i storbyen. Men det trenge ikkje vær negativt!

Eg har komt meg inn i leiligheten min allerede, ein liten toroms i femte etasje i ei blokk. Blokkå mi ligge på ein måte i forlengelsen av denna her.Rett i nærheten ligge kontorbygget te NLM, og bak der igjen e snart et bolighus te to familiar ferdig. Så me holde oss i nærheten av kvarandre.

Skulen ska egentlig væra i tredje etasje i det fremsta bygget her (kontorbygget), men den blir ikkje ferdige før te neste år, så i år holde me te i ein leigde leilighet som og ligge rett i nærheten. Va borte der i dag og såg, trur det ska bli skikkelig koselig der med dei 4 elevane.

Ellers har den førsta tiå mi i Khovd blitt litt halvveis. Eg har styrt med magasjau ca heila tiå siden eg kom te landet, men i går kveld nådde eg høydepunktet med oppkast og styr halva nattå. Eg har spist lite i mången dagar, men likavel e det noke kroppen vil kvitta seg med. "Trøsten" e at detta e noke mången slite med, særlig når de komme te Khovd, bakteriafloraen e vel totalt ulik den me e vant te. Så det e bare å venta og se. Men eg må sei eg va ikkje høg i hatten når eg låg mutters aleina første natt i egen leilighet og kjente meg totalt hjelpaslaus. Eg endte med å ringa pappa :p, og i dag har Mari ordna appetittlig mat te meg og alt mulig. Utpå ettemiddagen i dag la eg meg ner og såg film og kjente meg ettekvart så rar at eg tenkte eg sko sjekka temperaturen. Så jadda, magen har roa seg, men nå har eg feber. Heldigvis kan eg ligga i leiligheten og slappa av for meg sjøl, eg har filmar og internett og det som e.

Men eg glede meg te eg e god igjen. Det e så møkje aent å bruka kreftene og tiå på!

Forresten, nå har eg fått tak i mikrofon-headsett, så det e bare å skypa i vei:D Bare husk at eg e 5 timar foran dåkke som e i Norge, så hvis dåkke ringe rett før dåkke legge dåkke ligge eg sannsynligvs og sove...

måndag 11. august 2008

Unnskyld, Eirik

Det va ikkje meiningå å glømma noke. Men grape fanta e vanskelig.
Du skjønne, eg va ikkje sikker på om du ville ha bilde av alle boksane i butikkhyllå
Eller flaskene på 1,25 liter
Eller glassflaskene som gjer at brusen smake ekstra godtEller kanskje enkelt og greit boksen te 3 kr som eg nettopp har drukke av??
P.S.: Denna e te deg og, Solgunn (og alle andre grape fanta-tilhengerar der ute som e så uheldige å bu i Norge)!

søndag 10. august 2008

Vær så god, Eirik

Nyt synet!... imens kose eg meg med smaken :p

laurdag 9. august 2008

Telefon!

For å komma i kontakt med meg e det bare å finna ein telefon, og trykka inn følgende:
+976 95206352

Ellers går nå dagane. Eg e fortsatt hos Berit og Oddvar. Skreiv eg det forresten, at eg e der? Jaja eg har jaffal budd her noken dagar. Dei e om mulig meir speleglade enn meg og gjengen på puffen på 601, så desse dagane har det blitt både Settlers, Ligretto og Puerto Rico. For min del har det gått meir i tap enn vinn, men eg velge å sei det e min måte å ofra meg for å skapa miljø, eg e jo tross alt MILJØarbeidar. Yeah right.

Visste dåkke forresten at det e 3 ulike ord for ordet eller på mongolsk? Hvis du seie du vil ha spagetti eller ris med den eine eller-en, betyr det at du helst vil ha spagetti, men hvis du ikkje kan få det tar du ris. Men hvis du bruke et aent ord for eller, så seie du at det e akkurat det samma om du får spagetti eller ris. Og det sista ordet e noke heilt aent igjen. Så egentlig e det kjempepraktisk, for du får sagt veldig møkje med få ord. Men det e kje så greit for ei stakkars nordjenta å holda styr på alt...

Kjekt at folk følge med her, og ikkje minst at dåkke legge igjen kommentarer og sende mail og sånn. Det e bare å skriva i vei! Eg e ska prøva å ta fram det kameraet mitt og ta litt bilder. Blogg uten bilder blir for dumt. Det blir kanskje litt å ta bilder av når eg komme meg vestøve på tirsdag?

tysdag 5. august 2008

Kasus

Eg har hatt to dagar på språkskule. Starte kl ett/halv to og holde på te halv fem. Eg, ein lerar, et klasserom, 4 (?) verbtider, 8 kasus, regler og unntak og alt som hørre med i et språk.

Neida, e kje heilt der ennå. E meir setningar som: ka koste et frimerke te utlandet? eg bur i bygning 12, 4. etasje, 3 oppgang, leilighet nr 45. Kelner, kan eg få regningen?
Lolers. Det e intense timar, eg som trudde dobbeltime tysk fordypning konne vær stress liksom... Men det e nyttig, og det e faktisk gøy. Kjenne eg kan ein del fra før, e bare å grava det opp igjen. Men ordforrådet mitt e på et minimum, så eg vurdere å gi meg sjøl daglige gloselekser eller noke for å komma i gang. Ein tanke?

Ellers styre eg med alt som må ordnas før avreisen te Khovd den 12. Internett, mobil, havregryn og andre ting som e greit å ordna i storbyen... Heldigvis e det voksne og erfarne norske her som tar meg med der eg ska og passe på at eg får i meg mat og ellers det som trengs :D

søndag 3. august 2008

Litt meir utfyllande

Nå passte det sånn å gi ein utførlig (?) rapport fra mi første reisa rundt halve jordkloden på egen hånd. Alt starta fredag (i forgårs! kem sku trudd det va så kort tid siden?) når mamma og Sissel kjørte meg te Sola. Der fekk me sjekka inn bagasjen heilt fram, så slapp eg tenka meir på den. Hadde litt god tid der, så me tok oss et kafebesøk, før det va siste ha det-klem, og eg tusla gjennom sikkerhetskontrollen. Hva jeg følte da? Grusomt trist, men heftig konge å endelig vær i gang!
Kom meg på flyet mot Frankfurt, og detta va det sista eg såg av Norge på ei stonn:
På detta flyet fekk me servert nydelig tysk flymat, an fortjente faktisk et bilde den og. Legg spesielt merke te "minisalamien" i forgrunnen:
I Frankfurt hadde eg 5 timar venting. Surra ein time og to med å få boarding cardet for neste fly, ette møkje om og men og venting viste det seg at eg måtte gå heilt ut te innsjekkingå for å få det, og så inn igjen gjennom alle kontrollar. Når eg hadde komt så longt va eg holsulten, satte meg på den beste restauranten eg fant og fekk i meg mat.
Så va det neste fly, 9,5 time Frankfurt-Beijing. Eg havna atteme ei jenta som viste seg å vær mongoler som studerte i Tyskland. Hu va heller pratesjuk, så eg takkte for at eg i min klokskap hadde valgt tysk fordypning og heiv meg på. Dåkke kan tenka dåkke koss det hørtes ut når eg, ette mången timars reising og noken timars søvn sko pressa ut tyske gloser og grammatikk for denna jentå... Men me holdt jo følge heilt te UB, det va greit å ha litt reiseselskap, og hu va skikkelig koselige. Eg har fått mobilnummeret nas, så kanskje eg kan treffa na igjen ein gong og!

Men sjekk den utsikten eg hadde ut flyvinduet på vei fra Europa:
I Beijing va det stort og varmt, men ikkje noke problem å tusla fra det eina flyet te det andra. Hadde bare to timar her, men det va egentlig i mesta laget. Nå va eg så klar for å komma fram!
Måtte ha et "e på tur"-bilde i Kina. Jadda. Humøret va jaffal bra:D

Te slutt, ette 2,5 time på flyet fra Kina kom eg inn te UB. Me hadde heilt klart ver, så eg såg bakken heile turen. Fulgte med gjennom Gobi-ørkenen, og så kom me altså te byen. Og det va nydelig å se an igjen! Gerar, blokker, fabrikkar, heile pakken.

Så va eg altså der. Bagasjen kom, og eg blei møtt av Mongstads. Dei bur eg i gjesteleiligheten med nå. Dei reise te Khovd på tirsdag, og eg komme ette om ei veka. Må bare lera litt språk først! Det e deiras pc og internett eg bruke nå, vise seg at det går an å kjøpa ein sånn ting som sette i pcen og så har ein internett heila tiå. Trur eg komme te å investera i ein sånn ette kvart. Kvaliteten e visst ennå bedre i Khovd!
I går kveld va me hos familien Ådnanes som bur her i UB. Koselig å treffa dei og! Har og truffe familien Hugdal som va ute her sammen med oss. Dei har hatt ferie her nå, og reiste nettopp te flyplassen for å dra heim. Men det va artig at me fekk møtt kvarandre når me først va på denna siå av verden samtidig.

Ellers går eg fortsatt å venne meg te å vær her. Har sove godt i natt i mången timar, og har på ein måte snudd døgnet allerede. Men det e mången inntrykk, møkje som e kjent men allikevel forandra, og møkje nytt å finna ut og lera. Trur det blir noken innholdsrike dagar framøve!

laurdag 2. august 2008

Eg e framme!

Ette meir enn et døgn fly og flyplassar e eg endelig framme i Mongolia. Det kjennes godt! Alt gjekk bra på reiså, og eg blei møtt på flyplassen av koselige Mari og Øystein som ska bu i Khovd med meg i år.

Nå e eg på gjesteleiligheten i UB, har fått meg ein dusj, ska snart få meg mat, og syns egentlig bare det e DIGG å vær i landet igjen! Gjensynsglede!

Bilder og alt mulig aent komme når det passe sånn...