laurdag 28. mars 2009

Akkurat nå

har me den årlige misjonærkonferansen for Mongoliafeltet. Eg har ansvar for skuleungane mens dei voksne sitte i møte, så det e longe dagar med møkje futt og fart :)
Og resten kan dåkke få hørra ein aen gong...

laurdag 21. mars 2009

Begeistring

Eg e sofagris for tiå. Grunnen e ein herlige forkjølelse (med innslag av feber) som te min store fortvilelse verken blir verre eller bedre. Eg syns at når eg først sko bli sjuk så kunne eg blitt skikkelig sjuk, ikkje bare ein sånn mellomting. Men på den andre siå trur eg eg trengte noken dagar der største bekymring og ansvar e valget mellom å se krim eller sjukehusserie. Så kanskje det ikkje e så dumt likavel?

I dag trengte eg et avbrekk fra seriane, og havna på sidene te universitetet i Oslo. Eg må bare sei det - eg e fasinert! Dåkke som kjenne meg vett at eg alltid har hatt ein forkjærlighet for studiebrosjyrar og at uio.no ikkje e noke nytt, men i dag surra eg meg inn på noke eg aldri har gjort før. Eg satt meg ner og såg på listene øve enkeltemnene - imotsetning te dei heile studieprogrammene - som blir tilbudt. Og...-

E dåkke klar øve ko møkje rart det går an å studera?? Og at det feks går an å ta 20 studiepoeng (som jo e ganske møkje) i ting som "Den moderne kriminalroman" med Jo Nesbø og P.D. James på pensumlistå? Eller "Rensing"? Eller at du i løpet av et studium kan støta på å lesa artikkelen: "Språkskifte hos kvinner og menn i ei nordnorsk fjordsamebygd"?
Og sjølsagt, te ære for enkelte konkrete leserar, har me emnet: "Tysk litteratur: Goethe og hans tid (1770-1832)"

Og det e uendelig møkje meir å ta av der detta kom fra. Tid te overs? Sjekk det ut :D

søndag 15. mars 2009

Sant sant sant

Ein av ulempene med å jobba med ungar e at ein e meir utsatt for enkle songar som klistre seg te hjernen - sannsynligvis heilt fram te an blir avløyst av ein ny ein. Forrige veka gjekk eg og nynna på "Ain't it a shame to go to school on a Sunday" fra engelsk-CDen i første klasse, men ette at eg og dei minste ungane storkoste oss med Gerhard og barna for noken dagar siden e det altså "Sant sant sant" som surre og går. Men det va ikkje det eg sko skriva om, så detta blei nok et bevis på at disse songane kan overta kvardagen totalt.

Det eg ville fortella e at i dag holdt eg vitnesbyrd i kjerkå for første gong! Ja, på mongolsk :) Det e ein del av språkopplæringå å bruka det ein lere i praksis, så då har eg sammen med forskjellige språkkyndige forberedt et kort lite bidrag. Det va verre enn eg hadde trudd å legga vekk alle tankar ein har om kossen et vitnesbyrd i ei kjerka ska væra, både i lengde, emne, bilde- og ordbruk og framføring. Nå handla det meir om å få i hop noken forståelige setningar som og hadde ein viss sammenheng... Men så longt eg kan forstå gjekk det bra, og eg fekk sagt det eg ville. Det e kjekt å merka at ting går framøve med språket og!

Ette kjerkå gjekk eg heim og begynte å skjera opp ein del kjøtt som blei kjøpt i går og måtte delast opp i passe bitar og "de-fettifiseras" for å frysa ner. Mens eg sto der og balte med kjøttet slo det meg. Det gjer det av og te:

Eg e i Khovd! Litle, rare meg har klart å havna her. Eg har nettopp holdt et vitnesbyrd på et sprøtt språk foran mången som ikkje vett kem Jesus e ein gong. Og nå står eg og kutte i ein kjøttklump kjøpt for 13 kr kiloen. Detta e kvardagen min. Fytti det e rart.

tysdag 10. mars 2009

Det e vår! -nesten...

I går planla eg å skriva et malerisk innlegg om livning i lundar og lauving i li, men det blei aldri gjort. I dag våkna eg te ein snøkvite by, så planane blei lagt på is (bokstavelig talt...).

Den siste tiå har det vært nydelig ver i Khovd. Det har blitt varmare og reine påskestemningen med sol som du kjenne. I helgå va eg ute noken timar og kom meg opp på et fjell, satt der på toppen og naut solå og tilværelsen. Nydelig. Dagane e jo blitt lenger og - våren e hjertelig velkommen!

Men i dag va det altså snø og overskya igjen. Men i mårå kan det væra varmt. You never know. Snart komme vel dei herlige sandstormane som dukke opp når det e veromslag. Då e det bare å skalka alle luker og håpa på det besta.

Eg satse nå på at det blir tid og ver te noken timar i solveggen framøve. Det e nemlig ein plan å komma te Norge med ein viss farge på kroppen. Det må jo synas at ein har budd et lite år i "The Land of the Blue Sky!

fredag 6. mars 2009

Forandring

Eg har flytta.
Bakgrunnen for det e at det har skjedd litt her i Khovd. Kort fortalt har me gått fra å væra 20 nordmenn (9 voksne og 11 ungar) i haust, te 8 nå i vår. Detta merkes, kanskje spesielt på skulen der det nå bare e ein elev (og me e to ansatte :p). På den eine siå e me heldige fordi me har alle muligheter te tilpassa opplæring, men på den andre siå e det ikkje te å se vekk ifra at det e veldig lite miljø for ein unge. Me jobbe for å skapa litt miljø, i dag hadde me feks med 4 mongolske ungar i gymtimen - noke det virka som alle va bra fornøyd med! Så eg e spent på ka for noken nye muligheter som ligge foran oss i disse endringane...

Men tebake te flyttingå. Ein "familieleilighet" blei ledig ette jul, og der bur eg nå. Bruke jo bare et hjørna av leiligheten, men eg nyte livet med varmt vatn (med godt trykk) i alle springar og to kummar på kjøkkenet som gjer at oppvasken e ein fryd. Eg bur faktisk i andre etasje i kontorbygget te NLM, så eg har vakt heile døgnet og alt mulig. Eg følte meg aldri utrygg der eg budde i haust, men det gjer litt godt allikavel at det e noken som følge litt med. Og nevnte eg forresten at eg har varmt vatn i springen? Og godt trykk??

Og så må det bli sagt at dagen i dag e ein merkedag. Eg fekk for første - og sannsynligvis siste - gong i mitt liv gave i anledning kvinnedagen på søndag. NLM Khovd spanderte kort og konfekt på alle kvinnelige ansatte. Eg ler litt eg. Men det va nå koselig!

søndag 1. mars 2009

Pjetr Norrtog

Kryss av på listå øve ting som har blitt gjort i løpet av livet:

Sitta i Khovd og se Norge ta gull i femmilå i VM - med russisk kommentator

Synspunkt: Kall meg snever, men eg får meg ikkje te å tru at dei norske kommentatorane bomme lika møkje på dei russiske navnene som dei russiske bomme på dei norske. Norge tar gull i denna kategorien og!