laurdag 27. desember 2008

Eg e i Spania for tiå

Dåkke skjønne det, ein av pakkane under treet i år va bokå Engelens spill av Carlos Ruiz Zafon, neste bok i serien som starta med Vindens skygge. Eg utnytte juleferiens fordeler, og ette at siste av Stieg Larsson blei fullført i går va det rett på neste godbit. Det besta e at eg har ennå fleire som ligge og vente. Ingenting kan måla seg med ei gode bok!

Resten av årets fangst lar seg raskt oppsummera. Møkje av både bursdags- og julapresangar gjekk i å få meg her te Norge, og den gaven kose eg meg med kvar einaste dag. Ellers va det noken som hadde lest et desperat blogginnlegg fra i haust, så nå har eg time både på massasje og ansiktsbehandling :p Ellers e det bøker, Carcasonne og småtterier. Men mest av alt e det bare deilig å væra her og i lag med folkå. Og ja, i mårå ska eg på romjulskonsert med Leif Ove Andsnes, Tine Thing Helseth og andre flottheter - det e nødt å bli stas!

onsdag 24. desember 2008

Jul på/i heimen

Detta bildet av meg og Stieg Larsson blei tatt klokkå halv fem i natt. For ein time og to siden sto eg opp ette den siste av to nattevakter i denna omgang. Det e kjekt å væra sammen med "gjengen" min igjen, sjøl om samtalane begrense seg te snakk om klokkå, dogåing og andre sprøheter. Uansett håpe eg dei og får ein fine dag i dag, enten på NBB eller heima hos familiane sine. De fortjene å kosa seg litt, sjøl om de ikkje alltid vett ka som foregår. Det viktigaste e vel at de føle seg trygge og sett. Men akkurat det gjelde vel fleire av menneskeheten enn bare bebuerane på heimen...

Nå har eg fri, og e klar for julekveld. Mamma har ikkje fri, men me har fått låna mormor i stedet. Så me 6 ska ha ei heidundrande koselige feiring i kveld. Eg innser at pakkane te meg under det treet komme te å kunna tellas på ein fot, men eg ska nå kosa meg med maten - tenk at eg glede meg te å eta sauakjøtt, eg trur eg har bearbeida sårene fra diverse mongolske middagar allerede :)

Då gjenstår det bare å ønska alle ein gode kveld og noken velsigna rolige dagar framøve!

laurdag 20. desember 2008

Eg har vært ute og gått tur i skogen

Eg har spist is. Eg har drukke melk. Eg vett at det komme te å væra alt eg trenge av strøm, varme og vatn i huset i heile dag.

Eg har truffe farfar og tante Synni. Eg e heima sammen med mamma, pappa, Eirik og Sissel.

I kveld ska me synga julå inn på misjonshuset.

Det å væra våken og på reis i 27 timar e defintitivt verdt det.

søndag 14. desember 2008

Fotogen?

Eg fekk følgande mail fra mamma:

Emne: Foto til julebrev

Held på med julebrev. Har du eit av deg sjølv som me kan ha i julebrevet vårt?
Mamma.

Ja, det skulle jo ikkje væra så vanskelig. Eg har jo ørten gb med bilder, fra i haust og ikkje minst fra fjoråret på Kvitsund. Å finna et brukbart julebrev-bilde som illustrere meg i 2008 e vel ingen sak. Hadde det bare vært så vel... Bilder fant eg ja! Av meg i alle slags situasjonar og sammenhengar. Av meg aleina, bare ansiktet, sammen med andre - men ingen av de ser jo gode ut! Og det e kje bare "oi litt uheldig med det bildet ja", men det e liksom galskap av ein aen verden!

Så eg legge te side all min sjølhøgtidlighet og stolhet te fordel for den allmenne underholdning og presentere et utvalg av dei bildene som ikkje komme i julabrevet:
Me starte med ein herlige kombinasjon av "Ingebjørg har fått tak i noken sitt kamera og tar bilde av seg sjøl" som eg fant minst 20 av bare i mappå med bilder fra 3.klasse, og min trofaste følgesvenn "skjeivt smil"
Så har me den fine "blei litt stressa når det dukka opp et kamera, så lage et slags fjasete grimase-smil" (her ser ingen heilt ut som seg sjøl, så det e nå jaffal ei trøst)
Ellers har me rett og slett "trøtt, ustelt og uheldig" i herlig harmoni

Og der e "kossen kan det egentlig ha seg at eg kom på å få et sånt uttrykk i ansiktet?" som det va overveldande mången av

Og sist, men ikkje minst "sur og deppa" -sjøl om eg på alle bildene eg fant i denna kategorien vett at eg ikkje va sur i det heila tatt, og når bildet blei tatt ante eg ikkje at eg såg sure ut. Detta e skummelt!

torsdag 11. desember 2008

Hvis alt går som det ska

e eg om ei veka godt på vei heimøve. Lande snart i København for å væra nøyaktig. Eg reise fra Khovd på tirdag, satse på at flyet går som det ska og at eg rekke litt handling og ordning i UB før eg reise videre torsdag morgen.

Sjøl om eg merke at det nærme seg ferie, og at eg stadig e i Norge i tankane, så har eg hatt ei aktive veka her i Khovd. I kveld hadde DNS juleavslutning med alle ansatte, elevar og familie på skulen. Dei siste to vekene har me jobba masse mot denna festen, me har bakt, øvd på dukketeater, blokkfløyta og songar, pynta og lagd kulisser og julekrybba og styrt på. Høydepunktet i kveld va nok dukketeater-dramatiseringå av Den lille piken med fyrstikkene. Heile samlingå va koselige, og julestemningen strømte på når me avslutta med å gå rundt julatreet og synga.

Nå har eg den der "letta øve vel gjennomført fest"-følelsen, og nå e det bare kosedag i mårå, den siste julegavehandlingå, pakking og ein liten skuledag på mandag - og så e det ferie!

fredag 5. desember 2008

Torsdag ettermiddag

Klokkå e halv seks. Eg står midt i ein ring av mongolske ungdommar som eg ikkje har truffe før, og eg står og synge På låven sitter nissen mens dei klappe taktå.
Hæ? Ka har skjedd?
Me spole tebake og begynne med begynnelsen.
I går ettermiddag va det felles ungdomsmøte for alle dei 6 kjerkene i Khovd. De har sånne møter første torsdag i kvar måned, og detta møtet sko handla spesielt om jul. Fant ut at detta kunne væra litt spennande å få med seg, så klokkå 5 va me 3 nordmenn som troppa opp på ungdomsmøte. Og det va skikkelig tøft!
Opplegget starta med ein lek, prinsippet va sånn at ein står i midten og så blir det sagt noke, og så må alle dei det gjelde bytta plass, mens den som står prøve å finna seg ein plass å sitta. Greit nok det, va definitivt ein glosetest på mongolsken. Må innrømma at det va ein del gonger eg ikkje ante ka de sa. Blei bare sittande eg:) Men eg skjønte møkje, men siden ting som "genser med hetta" tar litt lenger tid for meg å oppfatta enn alle andre som slapp å oversetta det, blei det te at eg sto skummelt ofta. Og plutselig sa de at eg hadde stått så mången gonger at eg måtte visa ein "skill". Skill??? Eg valgte den eksotiske vrien og tok ein norsk julasong. Så sånn kan det gå.
Ette lekingå va det møkje song og så ein andakt av ei fantastisk engasjert jenta som snakkte om koffor me feire jul. Rett og slett veldig bra. Det va så rart kossen alt va så utrulig likt et norsk ungdomsmøte, sjøl om det va så møkje ulikt. Men det va noke med den uhøgtidelige stemningen og humøret som va akkurat som på ein del møter og klubbar eg har vært på i Norge. Slo meg at Gud e Gud og mennesker e mennesker samma kor ein e i verden...

måndag 1. desember 2008

Jul, herlige jul!

Det e desember. Sjøl om det e lite som tyde på at det e jul ute (bakken e fortsatt prega av brun sand og ingen snø, i dag har me faktisk hatt sterke sandvindar og rundt 0 grader plutselig. Merkelige greier, 20 grader i forskjell på ein dag og to e liksom ikkje noke stress det...) og verken butikkar eller reklame minne det minsta om jul. Men eg begynne nå å få julafølelsen likavel eg...
I går morges tente eg ein improvisert andventsstake (improvisert fordi eg va så sikker på at eg hadde lilla lys at eg ikkje hadde sjekka det ein gong. Jepp, telys fekk gjera nytten) og song Det første lys vi tenner for full guffe. Solgunn, du har ødelagt den songen for meg for alltid, klare ikkje å fullføra et enkelt vers ein gong uten å hørra den grusomme andrestemmen i bakhodet:p

Så va eg i kjerkå der me song litt julasongar, men det tok ikkje av før me om ettemiddagen hadde adventssamling med dei norske for å synga julå inn. Oi, det va koselig! Bladde oss gjennom songbøker og song det me følte for. Ette kvart fant eg fram fløytå og spelte med. Den har fått kvilt seg godt i haust, men det e nå kjekt å spela sammen med piano og sånne fine songar og alt mulig. Obs: bildet e meg som spele fløyta, men ikkje fra i går for å sei det sånn...

I dag satte me opp julatre på skulen. Fordelen med kunstig tre e at ein e litt friare i forhold te ka ti og ko lenge ein har treet framme. Og siden det bare e to veker med skule igjen før jul va det på tide.I lunsjen såg me dei første 10 minuttene av Reisen til julestjernen. Planen e å komma gjennom heile filmen før ferien starte. Både eg og ungane syntes egentlig 10 minutt va altfor lite.

Og i ettemiddag va eg hos Kvamane og spiste middag, og ette maten va det sjølsagt tid for Skomakergata. Den serien har egentlig blitt litt ødelagt for min del pga realistiske og deprimerande kommentarar som: "Han skuespelaren der e vel død? Ja trur det, men han der e jaffal død" og "Har dåkke lagt merke te at det alltid snør i Skomakergata men at det aldri blir meir snø på bakken for det?" men det va utrulig gøy å se ungane, særlig dei minste som såg det for første gong, sin begeistring. Det gir meir julestemning å væra med ungar, engasjementet smitte av!

Så gjekk eg heim og skrudde på Carola på fullt

mens eg lagde deig te julamenn. Fekk nemlig hjortetakk og oppskrift fra mamma i dag, så nå ska det bli julakaker!

onsdag 26. november 2008

Første dag i siste år som tenåring

På denna dagen for et år siden va eg på Kvitsund og blei vekt klokkå 6 om morgenen av ein herlige gjeng i morgenkåper. Seinare på dagen va eg i Skien og diskuterte Bibelens truverdighet og fenomenet sannhet.
I dag e eg i Khovd og har fått kaka, tegningar og bursdagssong. Eg og guttane på førskulen koste oss som dåkke ser:) Dagen blei feira som 49-årsdag (1, 19 og 29 år) med stort og smått av norske misjonærar pluss noken mongolske sist lørdag.
Ting skjer, store forskjeller...
Eg har opplevd ganske møkje rart i løpet av mine 19 første år. Og eg har møtt utrulig mången mennesker som har betydd og betyr møkje for kvardagen min. Det e dåkke som e grunnen te at eg kveld ette kveld kan legga meg og tenka og takka for at det har vært ein bra dag. Takk for det!

torsdag 20. november 2008

Polferd

Denna vekå har me hatt ei flotte veka på skulen. Konseptet va prosjektveka om polferder og viktige stikkord e:
- Åpningsscene der rektor Kjetil og eg braste inn i klasserommet utkledd som hhv Amundsen og Scott og hadde vårt kjente kappløp mot sydpolen. Endte med at eg falt død om av utmattelse og kulde. Men siden eg hadde på meg termodress inne blei det heller at eg kovna av varme. Men ungane va i ekstase!
- 6 episodar Lars Monsen på tvers øve Canada. Ja, han har blitt DNS sin nye helt.
- Baking av polarkjeks, oppskriftå e den samme som den Amundsen bakte sine kjeks ette når han gjekk te sydpolen. Siden strømmen gjekk når me sko steika de blei de stekt i panna på gassapparat i stedet for i steikovn, men resultatet va bra det!
- Spikking av trebåtar. Navnet blei sjølsagt Fram:)
- Måling av temperatur morgen og kveld.
- Meir film: Happy Feet og Istid 2 som me såg på når me hadde
- Lesevake på skulen fra i går te i dag. Me koste oss topp med å overnatta på skulen! Øve nattå fekk Fram-båtane prøvd seg i vatn som fraus, for å se om de kom te å heva seg i stedet for å bli smadra i isen som den originale Fram-båten gjorde. Det gjekk litt:P

Så alle va enige om at me hadde hatt ei flotte veka. Eg har lert utrulig møkje sjøl. Vett du egentlig ka for et år det va Amundsen nådde sydpolen? Og hvis eg ikkje hadde skreve det her, hadde du vært sikker på om det egentlig va sør eller nord han gjekk te? Det e møkje å lera!

Ellers e det polare tilstander utenom skulen og. Dei siste morgenane har temperaturen vært jevnt på 17 minusgrader, i dag morges va det 22. Eg e glad eg har investert i boblejakke. Sentralvarmen e blitt meir stabil, men det e stabilt på kvar morgen og kveld men av om dagen. Elektriske ovnar trengs for å klara arbeidsdagen! Kulde e ikkje ille ute egentlig, særlig ikkje her som me har påskever kvar dag med sol fra klar himmel, men når det blir kaldt inne, då går det øve ei grensa... Ein aen måte ein merke at det har blitt kaldare e at nå ligge det e stadig tettare lag av røyk øve byen. Den komme te å ligga fram te våren, så det e bare å venna seg te å klernå lukte bål. Ska uansett ikkje klaga, i UB e det 50 gonger verre... Og egentlig syns eg det e litt deilig. Det lukte skikkelig vinter ute. Har ikkje kjent den kombinasjonen av sprengkulde og røyk på 6 år!

søndag 16. november 2008

Hel dag SPA-behandling

SPA-behandling kropp + ansikt, manicure og pedicure. Inkluderer også lunsj midt på dagen. Etter dette føler du deg fullstendig ny. Virkelig en luksusdag!– ca 5–6 timer
www.stavangerspaclinique.no

Eg har fått et stort behov for ting som e vakre, behagelige, fargerike, luksuriøse og dullete i løpet av 3 månedar i Khovd. Denna står øverst på ønskelistå.

Så vett du det. Hvis det e tilfeldigvis e noken som føle for å sponsa ein stakkar ettåring med litt påfyll når eg e heima i julå, så e det bare å ta kontakt.

fredag 14. november 2008

Her i mitt hus

I går va det 3 månedar siden eg flytta inn i leiligheten min. I anledning det store jubileet fant eg ut at det va på tide å la folk se kossen eg har det her oppe. Ja, det e oppe, eg bur nemlig i 5. etasje i ei blokk. Han har to rom i tillegg te kjøkken og bad, så då har eg jo det eg trenge.
Har gravd fram mine kreative evner og lagd ein liten skisse av kossen leiligheten e lagt opp:
Så va jo planen å legga ut bilder av kossen det ser ut her. Men kameraet mitt klikka for noken veker siden, så det blir bare noken bilder fra mobilkameraet. Men dåkke får jo ei viss peiling!
Soverommet. Her e eg egentlig bare når eg sove. Men det e digg å ha et eget soverom som eg kan lukka dørå te. Og her kan eg hiva inn alt rot eg ikkje vil se i løpet av dagen og:)Litt av kjøkkenet. Når eg sitte og ete med bordet har eg ganske så bra utsikt øve byen. Heile badet. Sjekk fargane!! Detta rommet e forresten den største kilden te frustrasjon i leiligheten. Det e nemlig sånn at siden eg bur i 5. etasje e det VILT dårlig trykk på vatnet her, og det tar long tid før det komme vatn i det heila tatt. Eg har vent meg te å åpna kranen før eg gjer noke som helst aent når eg komme inn på badet, så sleppe eg å stå og irritera meg øve at vatnet bruke long tid når eg trenge det. Men detta går jo særlig ut øve dusjen, det e ikkje møkje futt å skryta av i vatnet der. Så eg dusje ganske ofta hos andre egentlig...

Så her e det altså eg e når eg ikkje e noken aen plass. I starten va det rart å ikkje ha folk rundt meg te ei kvar tid. Det va liksom så stille, og det va ingen som brydde seg hvis eg la meg tidlig 5 kveldar på rad, ingen som kom hoppande inn med et problem eller noke aent de ville sei. Men det tok egentlig ikkje longe tid før eg vente meg te at det bare e eg som bur her, og ette kvart har eg begynt å lika det ganske så godt! Det e herlig å ha ein plass som e bare min, der eg styre som eg vil sjøl og kan trekka meg tebake te når det trengs. Og leiligheten e så fin med det at an egentlig e ganske liten, så an tar ikkje så longe tid å vaska heller:D

Ja, og kameraet e ikkje den einaste av mine elektriske duppedittar som ikkje fungere for tiå. Sjekk gjengen! Jadartaatai yom aa...

søndag 9. november 2008

Khovd - UB

Ein dag når eg hadde budd i Khovd omtrent ei veka gjekk eg meg ein tur. Det va digg. Eg hadde hatt noken intense veker med mången nye inntrykk og opplevelsar, og det å ta meg ein rusletur gjorde godt for både kropp og sjel. Mens eg gjekk der begynte eg på et lite reknestykke. Då hadde eg ca 300 dagar igjen te eg sko avslutta tiå mi i Khovd. Og det e ca. 150 mil fra Khovd te UB. Med mine fantastiske hoderekningsevner fant eg då ut at hvis eg gjekk 5 km kvar dag desse 10 månedane, ville eg ha gått tilsvarande strekningen herfra te UB når eg reise heim.

Detta blei et faktisk et mål. Eg begynte å skriva kilometrar kvar dag, noken dagar va det både 10 og 15 km, andre va det 2, men eg registrerte og gjekk og gjekk. Fordi eg har noken dårlige erfaringar med sånne flotte mål (eg huske feks ein viss joggekontrakt fra førsteklasse med skrekk og gru) bestemte eg meg for å venta med å offentliggjera ka eg holde på med. Det hadde blitt så flaut hvis eg ga opp ette ein måned. Så eg bestemte meg for at når eg hadde nådd 50 mil, altså gått ein tredjedel av veien, sko eg skriva om det på bloggen.

Så nå har dåkke kanskje skjønt det? Eg har gått tur så og sei kvar einaste dag heile hausten, og eg meine heilt seriøst at det har redda meg utallige gonger. Eg har komt meg ut, fått frisk luft, fått sortert hodet og sett ein mengde flotte solnedgangar. Og i går passerte "Har gått"-rubrikken i skjemaet mitt 500 km. Så nå e det bare 1000 km igjen...

tysdag 4. november 2008

Eg kan stupa kråka!

Okey, detta e egentlig litt flaut, men eg ler så godt og e så stolt av meg sjøl akkurat nå at eg bare må dela det med resten av verden.

Ein del av dåkke vett at eg aldri har kunna stupa kråka. Jo, eg kunne det ein gong, men så skjedde det et eller aent som gjorde at eg verken kunne eller ville gjera det lenger. Eg huske ennå når me hadde hinderløypa i sjuendeklasse og læraren plutselig la merke te at eg kvar einaste runde glatt sprong forbi delen der me sko stupa kråka, og sa at eg fekk trena heima i sengå. Det blei aldri noke av, og årene har gått. Det e ein del av dåkke Kvitsundfolk som nok kan huska å ha stått i gymtimar og prøvd å få meg te å ta den forbaska snurren. Det har gått rundt noken gonger, men med alle musklar i heilspenn og ein viss dødsangst kvar gong.

I dag fekk eg det for meg at detta kunne eg ikkje ha noke av. Eg trur det e litt presset som gymlærarassistent, og ellers ein indre trass mot å ikkje kunna noke som alle egentlig kan. Så eg flytta tørkestativ og strykebrett, og fekk fin boltreplass på soverommet. Golvet e hardt som bare fytti, så eg brukte madrasså mi som underlag. Og der har eg styrt på ei god stund nå. Se det for deg: eg i hullete stillongs, med Stavanger Kretsungdomskor-CD på full styrke, stå og kava og styra for å få beinå te å gå øve hodet mitt. Eg må sei at før eg begynte passte eg på å ha mobilen min rett atteme sånn at eg lett kunne nå an hvis det sko skje noke. Eg vurderte å skriva ei melding der det sto HJELP og ha det klart sånn at det bare va å trykka inn ein knapp i tilfelle eg sko skada nakken eller noke. Men eg fant ut det fekk gå bra. (Forstår dåkke at eg kanskje syns detta e øve grenså skummelt?)

Men så komme enden på historien: EG KLARTE DET! Og vett dåkke ka, det e supergøy! Eg rulla fram og tebake te verden ikkje sto stille lenger. Det e ikkje i nærheten av perfekt ennå, men grunnprinsippet e inne. Og eg har innsett at kroppen min tåle meir enn eg har trudd. Eg koste meg sånn at eg plutselig prøvde meg på å stå på hendene og. Den trur eg eg må trena meir på.... Eg bare lure på ka dei som bur i leiligheten under meg trur eg har holdt på med i kveld :p Men detta trur eg de får venna seg te, for det va heilt ærlig skikkelig gøy!

Men ja, eg ler litt av meg sjøl. Eg sko gjerna hatt kavingå mi på film, så kunne eg dratt det fram når eg trenge oppmuntring. Det alle dåkke andre gjorde når dåkke va 5 år, har eg gjort i dag. Men nå e det gjort!

søndag 2. november 2008

Internat

Først litt fakta:
Mongolia e delt inn i ca. 20 aimag, tilsvare norske fylker.
Kvart aimag e delt inn i sum, som kan sammenlignas med kommunar.
I et vanlig sum på landsbygdå bur det typisk 3000 mennesker.
Siden landet e mildt sagt tynt befolka, e det i et sum vanligvis bare ei bygd, et sentrum med ein del hundre mennesker og ein butikk, administrasjon og postkontor. Resten av menneskene bur i gerane sine spredt rundt omkring.
I sumsentrum e det og skule, og vanligvis e det et internet for elevane som bur andre plasser i sumet, så dei og får mulighet te å gå på skule.

På torsdag ba eg meg fri fra jobb for å bli med ut på tur. Det va sosialprosjektet som snart ska kjøras igang her i Khovd som sko på tur for å se kossen tilstandane va i Erdenburen sum. Sosialprosjektet planlegge å jobba med internatene i sumene i Khovd aimag, og i det sista har de vært på ein del turar for å se ka som fins og ka behovene e.
På disse internatene bur det ungar mellom 6 og 16 år. Det internatet eg va på i Erdenburen va i forholdsvis god stand. Dåkke skjønne, her hadde de faktisk ei seng te kvar unge. Et internat sosialprosjektet va på dagen ette va meint for 70 ungar, men det budde 130 ungar der. Det vil sei at de va omtrent to ungar på kvar seng. Det e omtrent 8 senger på kvart rom, og utenom sengene e det egentlig ingenting på rommene. Ingen leker, ingen ting, kanskje bare ein plakat eller to på veggane.
Men vettuka, detta går an. De får rikelig med mat, i Erdenburen hadde ungane te og med tilgang på bibliotek og gymsal så det va faktisk litt aktivitetstilbud.

Men det inntrykket eg sitte igjen med komme av detta: på internatet e det ansatt ein lærar som jobbe kvar vekedag på dagtid. I tillegg e det alltid ein person på vakt, ei slags husmor, for å ta seg av sjuke ungar og sånt.
Men det e alt.
100 ungar, i alle mulige faser av oppveksten som du finne mellom 6 og 16 år, ska føla seg sett og utfordra og elska av et enkelt menneske. Det kan ikkje gå an. Den eine ansatte husmorå har ikkje sjans te å fylla den plassen to foreldre har hos kvar enkelt av dei ungane.
Mången av ungane på internatene e utrulig fattige, og har det gjerna bedre i forhold te mat og andre fysiske ting der enn de hadde hatt heima. Men eg har vondt av dei som vokse opp under sånne forhold. Dei som klare det e nok godt herda for resten av livet, den ska de ha. Og mången av de vett ikkje om noke aent. Det e detta som e det einaste alternativet.

Men for min del fekk ordet internat ei breiare betydning enn det har hatt før.

søndag 26. oktober 2008

I'll be home for christmas

Då har det blitt sånn at eg får feira julå heima på Vormedal. Må sei eg glede meg te det! Det e noke med det å væra sammen med familien når det e jul... Og når eg har foreldre og besteforeldre som gir så koselige julegaver som flybillettar e det jo ingen sak!

Planen ser foreløpig sånn ut:
16 desember: reise fra Khovd te UB
18 desember: reise fra UB te Haugesund (via Moskva og København)
24 desember: julaften på Vormedal
31 desember: nyttårsfeiring med Kvitsundfolk
8 januar: møte på Kvitsund
15 januar: reise fra Haugesund te UB, og blir der i noken veker

Ellers:
-gå i matbutikk og nyta alt eg har muligheten te å kjøpa
-ta noken vakter på sjukeheimen og tjena litt helligdagstillegg
-bare sitta i stuå i Karinaåsen og kjenna at eg e heima
-oppleva litt vestlandsver
-treffa så mången som mulig av slekt og venner! Gi meg ein lyd så arrangere me noke!

torsdag 23. oktober 2008

Gratulerer med dagen!

I dag blir pappen min et år eldre enn han blei på denna dagen i fjor.
Gratulerer med dagen, pappa! Glad i deg :D

Sko gjerna ha truffe deg og resten av familien snart, men Skype får gjera nytten enn så lenge!

onsdag 22. oktober 2008

Sovjetunionen har satt sine spor

For noken dagar va husverten min her og satte på ein ny sånn som eg ikkje komme på ka hette, sånn som du skrur på for å få vatn ut i springen. På badet har det fram te nå bare vært ein liten knott på varmtvatnet så det har ikkje gått an å bruka det. Men nå fekk eg altså på ein sånn te å skru på.
På den står det sdelano v SSSR som betyr produsert i SSSR.
Det syns eg seie ganske møkje både om sjølve dingsen og landet eg bur i.
Tenk litt på den, du!

fredag 17. oktober 2008

Tog baihgui

e noke som har blitt sagt ein del dei siste dagane. Ka det betyr?

Strømmen e vekke.

Det e jo passe ustabilt med alt som hette elektrisitet, vatn og varme i detta landet. Det e vanlig at ting koble ut innimellom, men som oftast tar det ikkje så veldig longe tid før det e tebake igjen. Om dagen e det blitt ganske vanlig at strømmen går og komme igjen og går og komme igjen fleire gonger i løpet av kort tid, noke som kan væra plagsomt nok når ein feks sitte og jobbe på datamaskin uten batteri. Men det går greit te vanlig. Eg tenke ikkje lenger på at det ikkje e vatn i springen når eg vil vaska hendene, då tar eg bare fra bøttå som alltid står klar på siå av vasken. Sånn e det bare.

Men på onsdag fekk me beskjed om at strømmen kom te å væra vekke torsdag te søndag, og bare komma på igjen om nattå. Når strømmen går går vatnet og, så livet blir jo litt tungvindt når det blir lenge om gongen. Det som e litt skummelt nå e at det begynne å bli så kaldt at me har bruk for varme inne i husene. Me har jo sentralvarme, radiatorar med varmt vatn som komme fra ein eller aen sentral, men dei blei skrudd på forrige veka og har fortsatt sine årlige startproblemer. Så me e avhengige av å ha elektriske ovnar te å varma med. Men når me ikkje har strøm blir det litt vanskelig...

Men som alltid i detta landet blei ikkje ting som me hadde trudd. Strømmen gjekk allerede kl 7 onsdag kveld, men kom igjen ette noken timar. An va der heile torsdagen, men va vekke igjen noken timar den kvelden og. I dag gjekk strømmen midt i potetkokingå klokkå 5 (men gassplata redda middagen) og kom igjen og gjekk igjen og kom igjen og blei værande ette 2-3 timar. Så detta e ikkje så ille! Men de styre med ettelleraent, og det e bare å væra glad når det e strøm men ikkje bli altfor skuffa når an forsvinne. Og holda varmen så godt ein kan.

laurdag 11. oktober 2008

Jeg satte brillene på min nese...

Eg e heima igjen i Khovd. Har hatt ei veldig koselige veka i UB, avslutta med overnatting med de minste ungane natt te i dag. Det va stas! - men det e jammen meg godt å væra heima i min egen leilighet igjen og...

Med meg i bagasjen vestøve nå hadde eg med meg flere nyinnkjøpte ting. Deriblant:
1 stk brille

Forklaring:
Eg har merka at armane mine har blitt stadig kortare når eg lese, særlig om kvelden. Eg har altfor ofta tatt meg sjøl i å sitta med det eg ska lesa på ein armlengde ut fra kroppen mens eg myse og streve for å fokusera. Rett og slett det dei fleste oppleve når de komme litt opp i årene:) Plutselig blei det sånn at eg i går ettemiddag havna hos ein optikar for å sjekka kossen det egentlig sto te med auene mine. Der styrte ei nyutdanna og ei gammal utdanna dama med testar og styr ganske lenge, og resultatet blei at eg kjøpte med meg lesebriller. Og det e et herlig liv! Styrken e + 0,5. Møkje? Nei. Merke eg forskjell? JA!

onsdag 8. oktober 2008

UB

Akkurat nå e eg i Ulaanbaatar. DNS i Khovd har haustferie denna vekå, så då passte det godt å gi dei to familiane her i byen litt ettåringtid. Her e ungane ein del eldre enn i Khovd, yngste går i 2.klasse og eldste i 10. Då blir det litt andre aktiviteter og måtar å arrangera ting, kjekt med litt avveksling fra kvardagen.
Me starta rett på når eg kom fra flyplassen på lørdag (ette ein flytur som va heller interessant. Snakkte engelsk, tysk og mongolsk om kvarandre med ymse (mann)folk, blant aent to østerrikerar og ein ukrainer som hadde vært på jakt. Utrulig ko møkje folk klare å fortella om seg sjøl i løpet av ein 3 timars flytur...). Men ja, eg kom altså te gjestehuset i 9tiå, der venta dei største av ungane i byen + noken som e på besøk fra Norge. Me lekte og koste oss te longt på natt, va ute og spiste neste dag, og så på ettermiddagen kom dei yngste ungane og og va der sammen med oss resten av dagen. Då kjørte eg bakekonkurranse (takk, 3 år med lagsteam i Flatdal) som blei ein suksess som alltid!Mandag hadde eg fri på formiddagen, så då fekk eg handla og ordna litt forskjellig som e greit å få gjort når eg e i byen. Merke et lite kultursjokk, det e seriøst ein heilt aen kvardag her enn i Khovd. Her kan du gå inn i ein butikk og med 99% (i motsetning te omtrent 30%) sikkerhet veta at de har melk. Og du kan eta mat på restaurant som smake som noke du kunne fått på restaurant kor som helst i verden. Og det e ikkje sånn at alle mongolerar du går forbi på gatå rope hello te deg, for de e jo så vant te å se utlendingar! Men så må du rekna enormt med tid for å forflytta deg i byen, for det e rett og slett altfor mången bilar og folk e altfor dårlige te å følga trafikkregler. Og forurensingå har allerede begynt å legga seg øve byen for vinteren...

Men ja. Mandag ettemiddag lekte eg med ungane. Tirsdag va eg ein tur på den internasjonale skulen, ISU, for der har de International week denna vekå med diverse opplegg. I går va det host country day, så alle kledde seg i mongolske kler og så såg me diverse opptrinn. Og eg har sett to lærarar som eg kjente igjen fra mi tid på ISU, for 11 år siden! Artig. Den ettemiddagen va eg med de største på kino og såg Mamma Mia. For 5 kinobillettar, 5 gigasvære popcornbøtter og 5 drikker betalte me ganske nøyaktig det samma som eg betalte for 1 billett og ein liten popcorn når eg va og såg den samme filmen rett før eg reiste fra Norge!

I dag e det baking med de minste, og markering av at Isak fylle 10 år. Og i mårå ska eg steika vafler te Food event på ISU, der alle elevane ska ha med mat fra sitt land. Det e heilt utrulig ko møkje dei ungane som går på den skulen får med seg. Ikkje bare har de et heftig skuleopplegg der de lere ting elevar i Norge lere mången år seinare, men de blir drevne i engelsk og får masse impulser fra ulike land og tankemåtar. Det kreve møkje, men når ungane trivs med det trur eg ikkje det fins bedre utdanning - jaffal når de får litt ekstra undervisning i norsk i tillegg:)

Ellers ein ting te: dei siste dagane har 3 ulike mongolske gubbar (taxisjåførar o.l.) spurt om de kan få mobilnummeret mitt. For ei jenta som aldri har fått sånne spørsmål på den måten før e det litt rart. Eg bare skravle med folk og syns det e kjekt å bruka mongolsken, og så ska de plutselig ha nummeret mitt! Men nå har eg utvikla taktikken som e som følger: lyga. For nei, eg har ikkje mongolsk telefonnummer (evt: eg har mista telefonen og den eg har i håndå e ein eg låne) og ja, eg har definitivt kjæreste som vente på meg i Norge.

fredag 3. oktober 2008

Elias!

I dag feira me 7årsdag på skulen, med vafler og film. Filmen me såg va utvalgte episodar om båten Elias. Eg har vært klar øve at detta har gått på barne-TV, men eg hadde aldri sett det på ordentlig før i dag.

Og det va ei opplevelse! Fytti så vittig! Eg satt der sammen med ungane og knakk meg i 70 minutt mens dei kniste litt rolig innimellom. Dei kommentarane, detaljene, karakterane og ikkje minst dialektene! Eg ler litt bare av tanken...

tysdag 30. september 2008

Ferskt kjøtt

På lørdag va eg på tur sammen med mången av dei norske og mongolske som jobbe på kontoret. Me kjørte (og noken sykla) 4-5 mil og slo oss ner ved ei elv der borte. Me hadde med fiskeutstyr, leker, godt humør og ein mengde mat. Baki den bilen eg kjørte i bort hadde me ein sau som va blitt kjøpt på markedet for 15o kroner dagen før. Når me kjørte tebake igjen fra elvå spurte 3åringen i bilen forskrekka kor det va blitt av sauen hen? Då måtte me sei som sant va, at den hadde me alle sammen vært med og spist. Mongolerane lagde nemlig horhog. Og det foregjekk omtrent sånn:

Her står sauen og ane lite om sin skjebne.

Ein time seinare såg sauen sånn ut: Her e skinnet tatt av, innmaten e tatt ut, og nå e det hjerta og blodet som ska vekk. Det e visst ein forskjell fra kossen ein slakte i Norge der ein kutte strupen så alt blodet renne ut med ein gong, mens her klemme de på ei blodåra eller ettelleraent for å drepa dyret sånn at blodet blir værande inni.

Detta låg inni sauen. Det som ligge bakerst e rensa tarm, den brune klompen e magesekken, framme ser du leveren og litt forskjellig. Detta blei tatt vare på og tilberedt seinare, så eg fekk dessverre ikkje smakt på det.Kjøttet blei delt opp og lagt i et melkespann sammen med oppvarma steinar og grønnsaker. Alt detta blei lagt på bålet, og ette ei god stund kunne me nyta "grilla" sauekjøtt med tilbehør. Det e egentlig ganske godt:)Og ja, mens me venta på maten bestemte heile skokken med ungar seg for å kasta meg i elvå. Sjøl om de va mången som halte og dro måtte de innse at (sitat:) rompå va for tung, så de gjekk øve te å kitla meg i steden. De har ennå ikkje funne ut ko utrulig kitlen eg egentlig e, men eg trur de fekk ein anelse då... Ein av ungane nappa te seg kameraet mitt og tok følgande blinkskudd mens alt sto på:Sånn va det med den saken.

laurdag 27. september 2008

GRATULERER!

For noken dagar siden fekk eg telefon fra Norge.
I andre enden va ei herlige jenta og ein nyhet eg har venta på.

Solgunn og Tarjei har forlova seg!

Dei e glade, eg e glad og livet e bare herlig!
Her e ein liten bildekavalkade te deiras ære:

Glad i dåkke begge, glede meg te fortsettelsen:)




Mvh faster Ingebjørg - "the friend who always agrees with you"

onsdag 24. september 2008

Speling

Før eg komme inn på det som øveskriftå antyde, må eg bare fortella litt fra tidligare i vekå. På mandag va det nemlig strømbrudd. Og når strømmen ryke forsvinne vatnet og, og ein blir med ein gong passe forvirra og hjelpelaus. Strømmen gjekk altså mandag formiddag, og ette kvart fekk me hørra at an sko væra vekke i 3-4 dagar. Eg innstilte meg på å kjøpa vatn og ta i bruk gassplatå eg har liggande te sånne anledningar, og ellers ta livet litt som det kom.
Så hadde me kvinneforening eller ka ein ska kalla det, det e dei norske damene i Khovd som samle seg aenkvar mandag for å få påfyll. Så satt me og ba, og detta med strømmen og vatnet blei jo nevnt. I det me sa amen blei det plutselig lyst - strømmen va tebake! Heile neste dag gliste eg kvar gong eg skrudde på ein vannkran eller brukte komfyren, det e fillen meg ikkje sjølsagt at ein har sånne ting.

Ellers fryse eg litt for tiå, det har nemlig blitt haust. Vetkje ko mången grader det e ute, men det blåse surt og e kjølig, så ullsokkane e gode å ha. Sentralvarmesystemet e ikkje skrudd på ennå, så fram te i dag har temperaturen i leiligheten min krøpe stadig nærmare temperaturen i kjøleskapet. Men nå har eg fått meg varmeovn, så nå e det bare fryd og gammen. Det va jammen meg ein jobb å krypa ut av dynå om morningen når det va 10-20 grader kaldare utanfor dynå enn onna! (Kommentar te det der: Vinduene i leiligheten min vende mot sør og vest, så eg har sol inn fra formiddagen te solå går ner om kvelden. Men ikkje om morningen, så då e det kaldt her inne)

Men eg sko skriva om speling. Eg har vært med på spelekveld to kveldar på rad nå. Den i går gidde eg ikkje skriva så møkje om. Det va nemlig yatzykveld med dei norske, me va 7 stykk, derfor delte me oss i to grupper, der dei to beste i kvar gruppa gjekk videre te finalen. Eg va på gruppå med 3 på - og eg fekk yatzy!- men likavel va det ikkje bra nok te å få bli med i finalen. Men B-finale kan vær kult det og. Yeah right. Som sagt, detta e ikkje noke å snakka om. Kanskje neste gong, når vinnaren, yatzy-kongen, invitere te nytt slag, kanskje det går bedre då.

I kveld hadde eg besøk av to mongolske jenter. Eg treffe stadig folk som vil treffa meg for å praktisera engelsken sin, men eg har jo ikkje tid te å skravla med alle disse i hytt og pine. Så eg inviterte 3 stykk te meg i kveld for å samla de litt og ha det litt sosialt i tillegg. Hu eina konne ikkje komma, men då va det altså to stykk og meg som spelte Ticket så det suste. Artig å forklara og spela på ein herlig blanding av mongolsk og engelsk, men eg trur de skjønte prinsippet. Eg har ikkje hatt så møkje kontakt med mongolerar fram te nå, så eg syns det va kjekt bare det å væra i lag med folk som eg kanskje kan kalla venner ette kvart.

Her e de i full gang :)

Ellers et lite tips for spesielt interesserte: les på bloggane som står under "Mongolere" i margen. Kvam og Andersson e familiar som bur her i Khovd, og dei og skrive møkje om ting som skjer og kossen kvardagen e her. Eg tør påstå at folk som følge med på min og desse bloggane te sammen vil få et ganske detaljert bilde av livet som nordmann i Khovd!

torsdag 18. september 2008

Eg e blitt voksen

Den siste måneden har eg opplevd og gjort mången ting som gjer at eg ettekvart begynne å kjenna meg voksen. Eg har lenge visst at eg snart burde væra voksen, men følt meg meir som ein usikker fjortis enn ei voksen dama. Men bevisene på at eg e på vei inn i de voksnes rekker komme på løpande snor:
- Eg bur i ein leilighet for meg sjøl
- Når me e mången samla e det heilt naturlig at eg sitte på voksenbordet, ikkje barnebordet
- Eg får egen lønn som det e opp te meg å bruka på fornuftige og ufornuftige ting
- Eg snakke med ungane om ting som "me voksne" (i motsetning te å sei "de voksne") pleie å gjer
- Eg bur i Mongolia mens foreldrene og søsknene mine e i Norge
- Eg kan handla på internett, søka lån, dra på reiser, you name it. Og det uten å spør noken som helst om lov først.

Men møkje av detta e ting som og ein vanlig ungdom konne gjort. Den siste tingen, som ein gong for alle vise at eg e voksen, e denna:

- Eg deltar på stabsmøte

For dei som ikkje vett det: stabsmøter e når alle misjonærane på feltet samle seg (med jevne mellomrom) for å snakka om ting som dukke opp. Planer for ting som ska skje, ordningar, ting som trenge å bli fiksa eller endra.
Heilt fra eg va ganske liten har stabsmøtene vært noke av det mest spennande og mystiske eg har visst om. Stabsmøterommet va det aller helligste, der satt dei voksne og snakkte om ting som me ungane ikkje fekk veta noke om. Og ikkje minst så hadde de alltid noke godt. Tenk, midt i vekå, og så satt de der og gomla i seg kaker og snop som i et kassåhelst barneselskap! Me ongane venta utanfor, og avogte skjedde det små eller store kriser som gjorde at me konne brasa inn for å gi beskjed om uhellet eller urettferdigheten eller ka det nå va, og så sjekka ka de åt i dag.
Eg har nå deltatt på to stabsmøter. De e ganske like alle andre møter eg har vært på. Og me snakke meir enn me ete.

Men nå har ungen i meg skjønt at eg e blitt ein av dei voksne.

måndag 15. september 2008

Til Kvitsundrussen 2009

Gratulerer!

Dyrsku'n e herved over. Eg rekne med at dåkke sammen med gira førstissar og andreklassingar har gjort ein helteinnsats i helgå. Eg håpe inderlig at dåkke slo rekorden vår fra i fjor! (som eg skreiv om her...: http://ingebjrg.blogspot.com/2007/09/171-600-norske-kroner.html)

Nå gjenstår bare resten av året, kronene rekne eg med bare fortsette å rulla inn te Kenya. Eg heie på dåkke!

p.s. Men eg må innrømma eg syns det i DIGG at eg ikkje sko stå i pissregn og tigga 50øringar fra fulle cowboyar denna helgå. Alt te si tid. Men eg sko gjerna vært og besøkt dåkke! Det får bli te neste år. Då ska eg fillen meg putta penger på alle bøssene!

fredag 12. september 2008

Dagane går

Nøye utvalgte øyeblikk fra min 12. september, nøyaktig 1 måned ette eg landa i Khovd:

Kl. 14.35:
Eg sitte i lesekroken på skulen sammen med dei 3 elevane som e på skulen i dag. Fjerdemann e sjuk. Det e rektor og, og siden leraren på skulen e på vei te Norge blei det eg som dreiv DNS i dag. Me har hatt 5 skuletimar av ymse slag, gått øve på SFOdelen, og alle e passe slitne ette ein longe dag og ei longe veka. Eg har ein elev i kvar armkrok, og sistemann sitte på fonget mitt. Eg lese høgt kapittel 5 fra bokå om kenguruen Hoppsasa som har baklomme.

Kl. 14.50:
Alle syns det e så kjekt at me lese kapittel 6 og.

Kl. 17.20:
Eg e ferdig med dagen og går te ein kafe der eg drikke skikkelige suutetsai og spise huushuur for første gong på 5 år.

Kl. 18.50:
Eg e ute og går i solnedgangen. Forbi meg kjøre ein motorsykkel. På den sitte mor, far og to barn på vei heim ette ein dag i byen. På sykkelen har de og fått plass te diverse ting og pakk. De kjøre i ekte mongolsk stil.

Kl. 20.30:
Eg sitte foran pcen og skrive te venner i Norge. Vett at eg kan se på bilder på facebook og bloggsurfa hos kjente og ukjente så lenge eg vil. For i mårå har eg fri.

Livet e ikkje det versta eg har.

måndag 8. september 2008

Æsj

Når eg la meg i går kveld va eg kvalm. Eg tenkte det va fordi eg hadde vært på kaffibesøk hos Jonasmo og forsynt meg for grovt av brownies og vannmelon. Planen va å sova det av meg.
Klokkå halv 7 i dag morges våkna eg av et enkelt behov: å få opp alt eg hadde i magen. Ette to timar øve do roa det seg såpass at eg turde gå og legga meg i sengå, ette å ha ringt Kjetil og sagt at eg ikkje trudde eg kom te å orka å hjelpa te i kunst og håndverk i første time. Planen då va å ligga litt, samla krefter og så tusla ner på skulen.
Nå e klokkå 7 om kvelden. Det va visst noke meir enn bare brownies eg hadde fått i meg. (Men kor, gjennom ka og ka ti e meir enn eg begripe). Veien mellom sofaen og do har blitt kjent, eg har brukt opp ein heil dorull i dag.(!) Eg kom meg ner på skulen og holdt ut første del av foreldremøtet som me hadde i ettemiddag, men ellers har datamaskinen og dynå vært mine venner.
Ja, eg får i meg væska, og ja, eg vett at det bare e å ta det med ro te det gir seg. Egentlig har eg det ganske bra her eg ligge. Så dåkke må ikkje syns synd på meg. Det e kje derfor eg skrive detta:) Det e mest fordi eg ikkje har så møkje aent og gjer på, og det e ein del av dei tingene ein treffe på i Khovd men som ikkje va så vanlig på Vormedal og Kvitsund:p

Ein ting med å ha god tid, eg at eg endelig fekk bytta ut fargen på bloggen, har irritert meg øve den gusjefargen altfor lenge. Men eg fant liksom ikkje den rette nå heller. Konstruktiv kritikk mottas med takk.

Og så noken bilder. Detta e egentlig noke som ikkje kan fangas i bilder, det må bare opplevas. Detta e noke av den skjønnheten denna plassen har å by på, som eg suge te meg i store drag. Eg va ute og gjekk på steppene utanfor byen. Eg snudde meg for å gå heim igjen, og såg detta. Solå og et heilt fantastisk lys øve Khovd. Vakkert.På omtrent samme plass ein aen dag. Kem påstår at detta landet e fargelaust?

søndag 7. september 2008

Få overblikk

Eg va på fjelltur i går, på ein av dei mangfoldige toppane som ligge rundt byen. Det va godt å ta seg ut litt, eg kjente det i heile meg i går kveld:) På toppen av fjellet va det god utsikt, og her e smakebitar av kossen det ser ut rundt meg for tiå:
Detta e byen. Ca midt i bildet e blokkå eg bur i. Bak byen, litt te venstre ligge flyplassen.

Detta e utsikten ut på andra siå av fjellet. Her e det litt vatn pga elvå, og her dyrke de vannmelonane som Khovd e berømt for! Her går det asfaltvei et stykke te noken landsbyar. Bak den fjellryggen her går veien te UB.Dalen me gjekk ner igjen fra fjellet i. Så då vett dåkke litt meir om kossen det ser ut i Khovd. Vett ikkje ka som slår dåkke eg, men kanskje noke med fargane og frodigheten? Men eg må sei eg syns det e fint her, på sin måte. Og eg har begynt å lera meg å se fargane i kvardagen andre plasser enn i naturen rundt meg...

Men husk, ein saksopplysnig: byen ligge på 1500 (ca trur eg) moh, så det hadde jo ikkje vokst all verdens her hvis det hadde vært i Norge heller!

torsdag 4. september 2008

Skuletur!

I går morges drog 4 elevar og 4 voksne på skuletur. Me kjørte te ein svære innsjø som ligge ein liten times kjøretur herfra, og med oss hadde me kanoar, lavvo, ved, fiskegarn og store mengder mat. Dagen i går blei brukt godt. Først hadde me et lite kurs i livet ved vatnet - knutar og båtvett. Ja, nå kan eg og pålestikk! Og så va det ut i kano, eg trur det va første gong for alle elevane, i alle fall første gong de fekk padla sjøl. Kano blei ein stor slager, de va uti utallige timar, og blei så flinke som bare juling!
Det va noken som prøvde seg på litt fisking. Me hadde hørt at det va fisk i detta vatnet, men me ante ikkje ka slags eller ko møkje. Fisking med stong ga små resultat, så me bestemte oss for å setta garn i steden. I dag tidlig va me ute og henta garnet, og eg trur me får sei oss fornøyd med fangsten:
Jadda, 29 fiskar, av dei ein ganske stor. Kan det bli bedre? Disse blei sløyd og stekt te frokost, men de va heftig beinete så gleden blei litt amputert. Men alle fekk jaffal ein smakebit av heilt egenfiska fisk. Lite e så godt som det, med eller uten bein.
Ein blir sulten av å væra ute i frisk luft, så me har spist ein masse brød i løpet av turen, i tillegg te middag i går som va pølser og potetstappa - sjølsagt tilberedt på bål. Og i går kveld hadde me kveldskos med potetegg og epler bakt på bål i aluminiumsfolie. Mmmm... Trøtte blir ein og, og eg og elevane sov godt i lavvoen. (Den nye soveposen min e innvia, den va et godt kjøp! nydelig) Dei andre voksne va i lavvoen heile nattå dei og, men de får snakka for seg sjøl når det gjelde ko godt de sov...Dagen før me drog på tur va det et sprøtt ver her i Khovd, med hagl og regn og vind og det som e. Me va litt bekymra for kossen det sko bli med sånt på turen, men me kunne ikkje vært heldigare! Me har hatt sol heile tiå, og ein liten bris som gjorde at det ikkje blei for varmt, og som holdt myggen unna. I tillegg trur eg ein del mygg blei slått i hjel av den haglbygå. Det va heilt vilt store hagl!
Og ein siste ting: me såg ulv i dag morges! Et stykke unna såg me et stort hundeaktig dyr som labba for seg sjøl. Og noken mongolerar som kom bortom sa at det va blitt sett ulv i området, så det kunne nok stemma. Eg e bare glad han ikkje kom på besøk mens me låg og sov:D