tysdag 30. september 2008

Ferskt kjøtt

På lørdag va eg på tur sammen med mången av dei norske og mongolske som jobbe på kontoret. Me kjørte (og noken sykla) 4-5 mil og slo oss ner ved ei elv der borte. Me hadde med fiskeutstyr, leker, godt humør og ein mengde mat. Baki den bilen eg kjørte i bort hadde me ein sau som va blitt kjøpt på markedet for 15o kroner dagen før. Når me kjørte tebake igjen fra elvå spurte 3åringen i bilen forskrekka kor det va blitt av sauen hen? Då måtte me sei som sant va, at den hadde me alle sammen vært med og spist. Mongolerane lagde nemlig horhog. Og det foregjekk omtrent sånn:

Her står sauen og ane lite om sin skjebne.

Ein time seinare såg sauen sånn ut: Her e skinnet tatt av, innmaten e tatt ut, og nå e det hjerta og blodet som ska vekk. Det e visst ein forskjell fra kossen ein slakte i Norge der ein kutte strupen så alt blodet renne ut med ein gong, mens her klemme de på ei blodåra eller ettelleraent for å drepa dyret sånn at blodet blir værande inni.

Detta låg inni sauen. Det som ligge bakerst e rensa tarm, den brune klompen e magesekken, framme ser du leveren og litt forskjellig. Detta blei tatt vare på og tilberedt seinare, så eg fekk dessverre ikkje smakt på det.Kjøttet blei delt opp og lagt i et melkespann sammen med oppvarma steinar og grønnsaker. Alt detta blei lagt på bålet, og ette ei god stund kunne me nyta "grilla" sauekjøtt med tilbehør. Det e egentlig ganske godt:)Og ja, mens me venta på maten bestemte heile skokken med ungar seg for å kasta meg i elvå. Sjøl om de va mången som halte og dro måtte de innse at (sitat:) rompå va for tung, så de gjekk øve te å kitla meg i steden. De har ennå ikkje funne ut ko utrulig kitlen eg egentlig e, men eg trur de fekk ein anelse då... Ein av ungane nappa te seg kameraet mitt og tok følgande blinkskudd mens alt sto på:Sånn va det med den saken.

laurdag 27. september 2008

GRATULERER!

For noken dagar siden fekk eg telefon fra Norge.
I andre enden va ei herlige jenta og ein nyhet eg har venta på.

Solgunn og Tarjei har forlova seg!

Dei e glade, eg e glad og livet e bare herlig!
Her e ein liten bildekavalkade te deiras ære:

Glad i dåkke begge, glede meg te fortsettelsen:)




Mvh faster Ingebjørg - "the friend who always agrees with you"

onsdag 24. september 2008

Speling

Før eg komme inn på det som øveskriftå antyde, må eg bare fortella litt fra tidligare i vekå. På mandag va det nemlig strømbrudd. Og når strømmen ryke forsvinne vatnet og, og ein blir med ein gong passe forvirra og hjelpelaus. Strømmen gjekk altså mandag formiddag, og ette kvart fekk me hørra at an sko væra vekke i 3-4 dagar. Eg innstilte meg på å kjøpa vatn og ta i bruk gassplatå eg har liggande te sånne anledningar, og ellers ta livet litt som det kom.
Så hadde me kvinneforening eller ka ein ska kalla det, det e dei norske damene i Khovd som samle seg aenkvar mandag for å få påfyll. Så satt me og ba, og detta med strømmen og vatnet blei jo nevnt. I det me sa amen blei det plutselig lyst - strømmen va tebake! Heile neste dag gliste eg kvar gong eg skrudde på ein vannkran eller brukte komfyren, det e fillen meg ikkje sjølsagt at ein har sånne ting.

Ellers fryse eg litt for tiå, det har nemlig blitt haust. Vetkje ko mången grader det e ute, men det blåse surt og e kjølig, så ullsokkane e gode å ha. Sentralvarmesystemet e ikkje skrudd på ennå, så fram te i dag har temperaturen i leiligheten min krøpe stadig nærmare temperaturen i kjøleskapet. Men nå har eg fått meg varmeovn, så nå e det bare fryd og gammen. Det va jammen meg ein jobb å krypa ut av dynå om morningen når det va 10-20 grader kaldare utanfor dynå enn onna! (Kommentar te det der: Vinduene i leiligheten min vende mot sør og vest, så eg har sol inn fra formiddagen te solå går ner om kvelden. Men ikkje om morningen, så då e det kaldt her inne)

Men eg sko skriva om speling. Eg har vært med på spelekveld to kveldar på rad nå. Den i går gidde eg ikkje skriva så møkje om. Det va nemlig yatzykveld med dei norske, me va 7 stykk, derfor delte me oss i to grupper, der dei to beste i kvar gruppa gjekk videre te finalen. Eg va på gruppå med 3 på - og eg fekk yatzy!- men likavel va det ikkje bra nok te å få bli med i finalen. Men B-finale kan vær kult det og. Yeah right. Som sagt, detta e ikkje noke å snakka om. Kanskje neste gong, når vinnaren, yatzy-kongen, invitere te nytt slag, kanskje det går bedre då.

I kveld hadde eg besøk av to mongolske jenter. Eg treffe stadig folk som vil treffa meg for å praktisera engelsken sin, men eg har jo ikkje tid te å skravla med alle disse i hytt og pine. Så eg inviterte 3 stykk te meg i kveld for å samla de litt og ha det litt sosialt i tillegg. Hu eina konne ikkje komma, men då va det altså to stykk og meg som spelte Ticket så det suste. Artig å forklara og spela på ein herlig blanding av mongolsk og engelsk, men eg trur de skjønte prinsippet. Eg har ikkje hatt så møkje kontakt med mongolerar fram te nå, så eg syns det va kjekt bare det å væra i lag med folk som eg kanskje kan kalla venner ette kvart.

Her e de i full gang :)

Ellers et lite tips for spesielt interesserte: les på bloggane som står under "Mongolere" i margen. Kvam og Andersson e familiar som bur her i Khovd, og dei og skrive møkje om ting som skjer og kossen kvardagen e her. Eg tør påstå at folk som følge med på min og desse bloggane te sammen vil få et ganske detaljert bilde av livet som nordmann i Khovd!

torsdag 18. september 2008

Eg e blitt voksen

Den siste måneden har eg opplevd og gjort mången ting som gjer at eg ettekvart begynne å kjenna meg voksen. Eg har lenge visst at eg snart burde væra voksen, men følt meg meir som ein usikker fjortis enn ei voksen dama. Men bevisene på at eg e på vei inn i de voksnes rekker komme på løpande snor:
- Eg bur i ein leilighet for meg sjøl
- Når me e mången samla e det heilt naturlig at eg sitte på voksenbordet, ikkje barnebordet
- Eg får egen lønn som det e opp te meg å bruka på fornuftige og ufornuftige ting
- Eg snakke med ungane om ting som "me voksne" (i motsetning te å sei "de voksne") pleie å gjer
- Eg bur i Mongolia mens foreldrene og søsknene mine e i Norge
- Eg kan handla på internett, søka lån, dra på reiser, you name it. Og det uten å spør noken som helst om lov først.

Men møkje av detta e ting som og ein vanlig ungdom konne gjort. Den siste tingen, som ein gong for alle vise at eg e voksen, e denna:

- Eg deltar på stabsmøte

For dei som ikkje vett det: stabsmøter e når alle misjonærane på feltet samle seg (med jevne mellomrom) for å snakka om ting som dukke opp. Planer for ting som ska skje, ordningar, ting som trenge å bli fiksa eller endra.
Heilt fra eg va ganske liten har stabsmøtene vært noke av det mest spennande og mystiske eg har visst om. Stabsmøterommet va det aller helligste, der satt dei voksne og snakkte om ting som me ungane ikkje fekk veta noke om. Og ikkje minst så hadde de alltid noke godt. Tenk, midt i vekå, og så satt de der og gomla i seg kaker og snop som i et kassåhelst barneselskap! Me ongane venta utanfor, og avogte skjedde det små eller store kriser som gjorde at me konne brasa inn for å gi beskjed om uhellet eller urettferdigheten eller ka det nå va, og så sjekka ka de åt i dag.
Eg har nå deltatt på to stabsmøter. De e ganske like alle andre møter eg har vært på. Og me snakke meir enn me ete.

Men nå har ungen i meg skjønt at eg e blitt ein av dei voksne.

måndag 15. september 2008

Til Kvitsundrussen 2009

Gratulerer!

Dyrsku'n e herved over. Eg rekne med at dåkke sammen med gira førstissar og andreklassingar har gjort ein helteinnsats i helgå. Eg håpe inderlig at dåkke slo rekorden vår fra i fjor! (som eg skreiv om her...: http://ingebjrg.blogspot.com/2007/09/171-600-norske-kroner.html)

Nå gjenstår bare resten av året, kronene rekne eg med bare fortsette å rulla inn te Kenya. Eg heie på dåkke!

p.s. Men eg må innrømma eg syns det i DIGG at eg ikkje sko stå i pissregn og tigga 50øringar fra fulle cowboyar denna helgå. Alt te si tid. Men eg sko gjerna vært og besøkt dåkke! Det får bli te neste år. Då ska eg fillen meg putta penger på alle bøssene!

fredag 12. september 2008

Dagane går

Nøye utvalgte øyeblikk fra min 12. september, nøyaktig 1 måned ette eg landa i Khovd:

Kl. 14.35:
Eg sitte i lesekroken på skulen sammen med dei 3 elevane som e på skulen i dag. Fjerdemann e sjuk. Det e rektor og, og siden leraren på skulen e på vei te Norge blei det eg som dreiv DNS i dag. Me har hatt 5 skuletimar av ymse slag, gått øve på SFOdelen, og alle e passe slitne ette ein longe dag og ei longe veka. Eg har ein elev i kvar armkrok, og sistemann sitte på fonget mitt. Eg lese høgt kapittel 5 fra bokå om kenguruen Hoppsasa som har baklomme.

Kl. 14.50:
Alle syns det e så kjekt at me lese kapittel 6 og.

Kl. 17.20:
Eg e ferdig med dagen og går te ein kafe der eg drikke skikkelige suutetsai og spise huushuur for første gong på 5 år.

Kl. 18.50:
Eg e ute og går i solnedgangen. Forbi meg kjøre ein motorsykkel. På den sitte mor, far og to barn på vei heim ette ein dag i byen. På sykkelen har de og fått plass te diverse ting og pakk. De kjøre i ekte mongolsk stil.

Kl. 20.30:
Eg sitte foran pcen og skrive te venner i Norge. Vett at eg kan se på bilder på facebook og bloggsurfa hos kjente og ukjente så lenge eg vil. For i mårå har eg fri.

Livet e ikkje det versta eg har.

måndag 8. september 2008

Æsj

Når eg la meg i går kveld va eg kvalm. Eg tenkte det va fordi eg hadde vært på kaffibesøk hos Jonasmo og forsynt meg for grovt av brownies og vannmelon. Planen va å sova det av meg.
Klokkå halv 7 i dag morges våkna eg av et enkelt behov: å få opp alt eg hadde i magen. Ette to timar øve do roa det seg såpass at eg turde gå og legga meg i sengå, ette å ha ringt Kjetil og sagt at eg ikkje trudde eg kom te å orka å hjelpa te i kunst og håndverk i første time. Planen då va å ligga litt, samla krefter og så tusla ner på skulen.
Nå e klokkå 7 om kvelden. Det va visst noke meir enn bare brownies eg hadde fått i meg. (Men kor, gjennom ka og ka ti e meir enn eg begripe). Veien mellom sofaen og do har blitt kjent, eg har brukt opp ein heil dorull i dag.(!) Eg kom meg ner på skulen og holdt ut første del av foreldremøtet som me hadde i ettemiddag, men ellers har datamaskinen og dynå vært mine venner.
Ja, eg får i meg væska, og ja, eg vett at det bare e å ta det med ro te det gir seg. Egentlig har eg det ganske bra her eg ligge. Så dåkke må ikkje syns synd på meg. Det e kje derfor eg skrive detta:) Det e mest fordi eg ikkje har så møkje aent og gjer på, og det e ein del av dei tingene ein treffe på i Khovd men som ikkje va så vanlig på Vormedal og Kvitsund:p

Ein ting med å ha god tid, eg at eg endelig fekk bytta ut fargen på bloggen, har irritert meg øve den gusjefargen altfor lenge. Men eg fant liksom ikkje den rette nå heller. Konstruktiv kritikk mottas med takk.

Og så noken bilder. Detta e egentlig noke som ikkje kan fangas i bilder, det må bare opplevas. Detta e noke av den skjønnheten denna plassen har å by på, som eg suge te meg i store drag. Eg va ute og gjekk på steppene utanfor byen. Eg snudde meg for å gå heim igjen, og såg detta. Solå og et heilt fantastisk lys øve Khovd. Vakkert.På omtrent samme plass ein aen dag. Kem påstår at detta landet e fargelaust?

søndag 7. september 2008

Få overblikk

Eg va på fjelltur i går, på ein av dei mangfoldige toppane som ligge rundt byen. Det va godt å ta seg ut litt, eg kjente det i heile meg i går kveld:) På toppen av fjellet va det god utsikt, og her e smakebitar av kossen det ser ut rundt meg for tiå:
Detta e byen. Ca midt i bildet e blokkå eg bur i. Bak byen, litt te venstre ligge flyplassen.

Detta e utsikten ut på andra siå av fjellet. Her e det litt vatn pga elvå, og her dyrke de vannmelonane som Khovd e berømt for! Her går det asfaltvei et stykke te noken landsbyar. Bak den fjellryggen her går veien te UB.Dalen me gjekk ner igjen fra fjellet i. Så då vett dåkke litt meir om kossen det ser ut i Khovd. Vett ikkje ka som slår dåkke eg, men kanskje noke med fargane og frodigheten? Men eg må sei eg syns det e fint her, på sin måte. Og eg har begynt å lera meg å se fargane i kvardagen andre plasser enn i naturen rundt meg...

Men husk, ein saksopplysnig: byen ligge på 1500 (ca trur eg) moh, så det hadde jo ikkje vokst all verdens her hvis det hadde vært i Norge heller!

torsdag 4. september 2008

Skuletur!

I går morges drog 4 elevar og 4 voksne på skuletur. Me kjørte te ein svære innsjø som ligge ein liten times kjøretur herfra, og med oss hadde me kanoar, lavvo, ved, fiskegarn og store mengder mat. Dagen i går blei brukt godt. Først hadde me et lite kurs i livet ved vatnet - knutar og båtvett. Ja, nå kan eg og pålestikk! Og så va det ut i kano, eg trur det va første gong for alle elevane, i alle fall første gong de fekk padla sjøl. Kano blei ein stor slager, de va uti utallige timar, og blei så flinke som bare juling!
Det va noken som prøvde seg på litt fisking. Me hadde hørt at det va fisk i detta vatnet, men me ante ikkje ka slags eller ko møkje. Fisking med stong ga små resultat, så me bestemte oss for å setta garn i steden. I dag tidlig va me ute og henta garnet, og eg trur me får sei oss fornøyd med fangsten:
Jadda, 29 fiskar, av dei ein ganske stor. Kan det bli bedre? Disse blei sløyd og stekt te frokost, men de va heftig beinete så gleden blei litt amputert. Men alle fekk jaffal ein smakebit av heilt egenfiska fisk. Lite e så godt som det, med eller uten bein.
Ein blir sulten av å væra ute i frisk luft, så me har spist ein masse brød i løpet av turen, i tillegg te middag i går som va pølser og potetstappa - sjølsagt tilberedt på bål. Og i går kveld hadde me kveldskos med potetegg og epler bakt på bål i aluminiumsfolie. Mmmm... Trøtte blir ein og, og eg og elevane sov godt i lavvoen. (Den nye soveposen min e innvia, den va et godt kjøp! nydelig) Dei andre voksne va i lavvoen heile nattå dei og, men de får snakka for seg sjøl når det gjelde ko godt de sov...Dagen før me drog på tur va det et sprøtt ver her i Khovd, med hagl og regn og vind og det som e. Me va litt bekymra for kossen det sko bli med sånt på turen, men me kunne ikkje vært heldigare! Me har hatt sol heile tiå, og ein liten bris som gjorde at det ikkje blei for varmt, og som holdt myggen unna. I tillegg trur eg ein del mygg blei slått i hjel av den haglbygå. Det va heilt vilt store hagl!
Og ein siste ting: me såg ulv i dag morges! Et stykke unna såg me et stort hundeaktig dyr som labba for seg sjøl. Og noken mongolerar som kom bortom sa at det va blitt sett ulv i området, så det kunne nok stemma. Eg e bare glad han ikkje kom på besøk mens me låg og sov:D

måndag 1. september 2008

Gutten på bensinstasjonen

På vei ut av byen her ligge det ein liten bensinstasjon. Eg har aldri sett noken fylla der, og an ligge tvers øve veien for ein møkje større og finare ein, så eg kan ikkje skjønna at den businessen går rundt. Men an gjer visst det. Det e ein ungdom som jobbe der, han e vel ca på min alder. Eg har såvidt snakkt med han ein gong, bare sånn om kor eg komme fra og koffor eg e her og sånn. Det e kje uvanlig her, sånne spørsmål får eg daglig. Men i dag va eg ute og gjekk meg ein tur, og når eg gjekk forbi bensinstasjonen så ropte han på meg og gratulerte meg med dagen. 1. september e nemlig den dagen alle mongolske skular starte opp igjen, og siden eg hadde sagt eg va lerar sist eg snakkte med han, så va det altså grunn te gratulasjon. Me kom i snakk, og eg fant ettekvart ut at han va student her i byen, studerte noke datagreier. Han spurte om han kunne få gå på skulen min og lera norsk, men ette møkje styr og fingerspråk fekk eg te slutt forklart at skulen min va for små, norske ongar, og ikkje åpen for mongolerar. Hehe. Han viste seg å væra kasakh (fra Kasakhstan) noke som ikkje e urimelig, siden me e nærme Kasakhstan her og det e mången Kasakhar i byen. Han spurte om eg va kristen, og eg sa at det va eg, og så sa han at han va muslim (som dei fleste kasakhane e). Men så begynte han å legga ut om noke som eg forsto ca halvparten av. Det eg fekk med meg va at han snakkte om forskjellene mellom kristendom og islam. At me ser på Jesus som Guds sønn, men for dei e han bare ein av fleire like profetar. Og så va det noke om Maria og ettelleraent som eg ikkje heilt fekk med meg. Men han hadde jaffal tydelig peiling på både kristendommen og islam, og hadde klart for seg ka den eine hadde som den andre ikkje hadde og omvendt. Og han virka levande engasjert i religion, det va jo han som tok opp emnet i det heila tatt.
Eg gjekk videre - ette at han hadde spurt ka eg hørte på siden eg hadde øretelefonar i, og eg sleit i noken minutt for å forklara begrepet lydbok - men detta va litt seier. Eg har hatt min første samtale med ein muslim på mongolsk, om religion. Det va rett og slett interessant. Artig.