søndag 17. mai 2009

Gratulerer med dagen!

For å ta det førsta først: eg kom meg fint te UB på onsdag, på torsdag blei det litt tull så eg kom meg ikkje te Beijing før neste dag (og då via Seoul, men eg hadde reisefølge så det gjekk godt sjøl om det blei både lenger og slitsommare) men kom meg videre te Norge og landa som planlagt på Sola. Bagasjen kom ette i dag, så nå e jo alt i boks..:p

Det e herlig å væra heima. I går fekk eg med meg norsk seier i MGP, og i dag har eg holdt meg på sofaen og vinka te kongen gjennom fjernsynet. Nå e dei andre på fest på Misjonshuset, men eg har selskap av det 17.mai-pynta steintrollet eg fekk i avskjedsgave av DNS-Khovd og repriser på NRK2.

Håpe alle, både i Norge og Mongolia, har hatt ein fine nasjonaldag!

tysdag 12. mai 2009

Ikkje heilt i slag

Eg har slitt med formen ganske lenge.
Det begynte med at eg kjente meg sliten, og har ette kvart utvikla seg te at eg ikkje har det grann energi igjen i kroppen. Det e liksom heilt tomt. I tillegg har eg vanskeligheter med søvn og konsentrasjon og slite bla med kvalme og allslags vondter. Ette å ha prøvd å endra og kutta ner på det som kan endras og kuttas ner på, uten at eg blei noke bedre av det, bestemte legen for et par veker siden at det eg trenge e ei bestemt miljøforandring. Så derfor komme eg heim ei stund tidligare enn planlagt, eg komme faktisk på fredag. Der ska eg bli fulgt opp av lege med diverse prøvar og sånn for å finna meir ut om ka som foregår, men ikkje minst ska eg få kvila og ha fri fra alt ansvar heima hos mamma og pappa. Eg må sei eg glede meg, for eg syns det e trasig å leva sånn som eg gjer nå, og eg håpe det e detta som ska te for å stansa utviklingå.

Eg reise fra Khovd i mårå, fra UB på torsdag og på fredag drar eg fra Beijing via Amsterdam te Sola der eg blir henta og frakta siste biten heim. Eg e spent på reiså, men det ser ut te å væra ei veldig grei ruta, så eg satse på at det går knirkefritt.

Så nå har eg altså bare litt meir enn et døgn igjen i Khovd. Sjøl om eg glede meg te å komma heim så e det jammen vemodig å reisa herfra. Heldigvis e det ikkje lenge te eg sko reist uansett, så eg va jo begynt å stilla meg inn på avslutning. Men det e rart at livet her ute plutselig e slutt. Eller det raraste e jo at livet her ute ikkje e slutt, det går jo videre, men eg ska bare ikkje delta. Heldigvis trenge eg ikkje bryta kontakten med alle dei flotte folkå som e her sjøl om eg reise, så eg rekne med det blir noken rapportar om kossen det går ette kvart :)

Og te slutt, apropos søvnvansker, eg snubla øve ei Nemi-stripa som eg trur fleire enn meg kjenne seg igjen i:

laurdag 9. mai 2009

Vær så snill

Eg havna på nettsidene co2fri.no, et sånn "kjøp deg god miljøsamvittighet"-konsept. Der blei eg møtt av følgende overskrift:

Visste du at ditt strømforbruk forårsaker like mye co2 utslipp som 30 ganger Oslo - Bergen tur-retur!

Først har eg noken spørsmål:
ditt strømforbruk - i løpet av ko long tid? Ein måned? Et år?
ditt strømforbruk - meg som ein person eller min husstand?
30 ganger Oslo-Bergen tur-retur - med ka då? Bil? Fly? Tog? Te fots?

Og noken kommentarer:
like mye co2 utslipp - Detta e ei nettsida som jobbe med co2. De kunne kanskje spandert på seg å finna ein meir korrekt måte å skriva detta på, feks CO2?
like mye co2 utslipp - like mye utslipp? Unnskyld, men det lyse litt ungdomsskulestil av den formuleringå. Og hvis de kunne skreve noke sånt som "like store utslipp av CO2" hadde de sluppe vanskelighetene med orddeling og.
! - detta e et spørsmål. Då passe det best med spørsmålstegn.

Mvh Ingebjørg som har hatt for møkje tid te overs i dag og som savne å jobba med ord. Og som aldri komme te å bestilla CO2FRI.

torsdag 7. mai 2009

Fasit

Nå e dåkke spent nå...!

Et samisk fugleskremsel kalles ÅKERLAPP

Presidenten i Sametinget e LAPTOP (men Torleif sitt alternativ med overlapp va jysla bra det og :))

Og han jobbe med LAPPESAKER

Og te den siste nøttå, som ingen va i nærheten av å løysa ein gong...:

Den svære samen på kinoen e jo sjølsagt ein KINOPLAKAT! (ein stor lapp, sant? Tog an?)


Me går i gang med runde to, og emnet e yrker:

Ka kalle du ein samisk...

... kjørelærar?
... sjukepleiar?
... stand up-komikar?

laurdag 2. mai 2009

Lørdagsliv

For ei veka siden va eg, Mari og Øystien på ein bil-/sykkel-/fjelltur i Khovd og omegn. Det hadde eg tenkt å legga ut bilder av, men bildefunksjonen te bloggen klikka så då klikka eg og så blei det ikkje bilder denna gongen...:p

I dag har det vært basketball"køpp" i sportspalasset (idrettshallen) i Khovd. Det e kjerkå som arrangere, og med 22 påmeldte lag fra ulike kjerker og litt forskjellig, må me vel sei det va solid deltakelse! Lagene fra NLM og kjerkå eg hørre te i måtte gi seg ette kvartfinale. Det va jo småsurt, men håpet e at detta ska bli et årlig arrangement og at de kan få revansj te neste år :)

Og så har det spredd seg ei greia i bloggeverden den siste tiå: samevitsar!
Egentlig har det ikkje spredd seg så veldig, men ein viss president og visepresident fra et visst russastyre har gitt sine bidrag, så nå e det vel misjonssjefen sin tur. Og det e bare å begynna å tenka, for det e meir der de kom fra!

Ka kalle du et samisk fugleskremsel?

Ka kalles presidenten i Sametinget?

Og ka jobbe han med?

Og ein for dei viderekomne:
Ka kalle du den svære samen som sitte i raden foran deg på kino og sperre utsikten?