måndag 1. september 2008

Gutten på bensinstasjonen

På vei ut av byen her ligge det ein liten bensinstasjon. Eg har aldri sett noken fylla der, og an ligge tvers øve veien for ein møkje større og finare ein, så eg kan ikkje skjønna at den businessen går rundt. Men an gjer visst det. Det e ein ungdom som jobbe der, han e vel ca på min alder. Eg har såvidt snakkt med han ein gong, bare sånn om kor eg komme fra og koffor eg e her og sånn. Det e kje uvanlig her, sånne spørsmål får eg daglig. Men i dag va eg ute og gjekk meg ein tur, og når eg gjekk forbi bensinstasjonen så ropte han på meg og gratulerte meg med dagen. 1. september e nemlig den dagen alle mongolske skular starte opp igjen, og siden eg hadde sagt eg va lerar sist eg snakkte med han, så va det altså grunn te gratulasjon. Me kom i snakk, og eg fant ettekvart ut at han va student her i byen, studerte noke datagreier. Han spurte om han kunne få gå på skulen min og lera norsk, men ette møkje styr og fingerspråk fekk eg te slutt forklart at skulen min va for små, norske ongar, og ikkje åpen for mongolerar. Hehe. Han viste seg å væra kasakh (fra Kasakhstan) noke som ikkje e urimelig, siden me e nærme Kasakhstan her og det e mången Kasakhar i byen. Han spurte om eg va kristen, og eg sa at det va eg, og så sa han at han va muslim (som dei fleste kasakhane e). Men så begynte han å legga ut om noke som eg forsto ca halvparten av. Det eg fekk med meg va at han snakkte om forskjellene mellom kristendom og islam. At me ser på Jesus som Guds sønn, men for dei e han bare ein av fleire like profetar. Og så va det noke om Maria og ettelleraent som eg ikkje heilt fekk med meg. Men han hadde jaffal tydelig peiling på både kristendommen og islam, og hadde klart for seg ka den eine hadde som den andre ikkje hadde og omvendt. Og han virka levande engasjert i religion, det va jo han som tok opp emnet i det heila tatt.
Eg gjekk videre - ette at han hadde spurt ka eg hørte på siden eg hadde øretelefonar i, og eg sleit i noken minutt for å forklara begrepet lydbok - men detta va litt seier. Eg har hatt min første samtale med ein muslim på mongolsk, om religion. Det va rett og slett interessant. Artig.

laurdag 30. august 2008

Mat!

Detta blir tredje innlegget på rad som handle om mat matlaging, men det e faktisk ein ting eg bruke ein del tid og krefter på for tiå. For her i landet e det ikkje bare å kjøpa ein pose Toro etelleraent og ein pakke kjøttdeig, så har du ein middag. Det mesta blir gjort fra botn, og vel så det. Eg syns det e overgang fra Kvitsund der eg gjekk te ferdig mat kvar dag, te her der eg komme sliten heim fra jobb - og så e eg nødt te å finna på noke, kanskje handla det eg mangle og ikkje minst laga maten. Det e vel ein del husmødre som ler og tenke "jaja, velkommen te kvardagen" akkurat nå, men eg merke jaffal at det å få i seg mat kreve meir her enn det har gjort noken gong tidligare. Og når eg ikkje akkurat e mesterkokk fra før heller... Men sammen med Ingrid Espelid og velvillige sjeler så trur eg faktisk det ska bli skikkelig husmor av meg i løpet av detta året. For eg syns det e kjekt!

I dag har eg hatt 3 sterke matopplevelsar.

For det førsta bakte eg grovt brød. I går fekk eg endelig somla meg te å få noken te å lera meg opp i mjølsortane som e få tak i her, og kossen ein kan få te grovt, godt brød. Så i dag tidlig satte eg ein deig, og ette kvart blei det rundstykker på meg te frokost. Det e den beste frokosten eg har hatt siden eg kom te landet (som forresten e 4 veker siden i dag. 4 veker!). Det gjekk jo heilt fint å få te det brødet, det blei nesten i grovaste laget:D Men det va herlig å eta sånn mat igjen, det e så møkje meir å gå på enn lys loff og toast.

Så va eg på kjøttmarkedet og kjøpte meg kjøtt. Det har eg heller ikkje gjort her ennå, men det va nå bare å peika og finna noke som såg greit ut. Det e verken pakka i plast eller lagt i kjøledisk det kjøttet eg kjøpe her, det ligge bare framme på noken bord, og onna bordet ligge hodet te dyret så du ser ka type kjøtt det e. Nam. Klumpen eg kjøpte i dag (te 14 kr kiloen) såg sånn ut:Eg tok an med heim, skar vekk bein og fett og fraus ner i passelige porsjonsklumpar. Så nå blir det kjøttmat på meg! Eg går og irritere meg litt øve det at det fins så få typar kjøtt her. Det e sau, geit, okse og yak, og that's it. Jo, det e jo litt pølser og skinka på boks å få tak i. Men svinekjøtt, kylling, forsåvidt fisk og, det kan me bare drømma om. Så møkje av maten smake likt. Og det samma gjelde grønnsaker. Får tak i gulrot, kålrabi, løk og kål, men når eg ser i oppskrifter der du ska ha blomkål, brokkoli og andre luksusvarer oppi så blar eg fort videre. Får tak i litt hermetisk og på glas, feks sopp, bønner, erter og mais, så det hjelpe jo på!

Dagens siste opplevelse va god, gammaldags risengrynsgrøt. Mari og Øystein kom opp te meg, og så kokte me oss skikkelige grøt. Fytti gwisen, det va godt. Det va ganske lenge siden sist. Men det trenge ikkje bli så lenge te neste gong! Å koka grøt har eg jo lert av pappa:D

Så sånn e det ein blir mett i Khovd. Ein ting som e herlig å konna ty te når det trengs, det e jo å eta ute. Koste 10 kr for et måltid. Så det e jo overkommelig...

onsdag 27. august 2008

Ein ny sjanse

Ette styret i går med muffinsane, og oppmuntra av fleire skeptiske kommentarer te matlaginsevnene mine her på bloggen (og tidligare), fant eg i dag ette jobb ut at det bare va å komma seg opp på hesten igjen. Så eg fekk tak i steikebrett te ovnen, lette fram Sigrun si utmerka oppskrift på boller, handla inn melk og gjær, og har nå bakt 24 store nydelige boller! Eg e fornøyd med meg sjøl!Så nå e alt klart for ein kveld med film, nybakte boller og tekoppen på siå. Digg!

Noken som lure på kossen eg har greid å steika boller ette at heile stikkontakten blei svidd opp i går? Joda, rektor Kjetil va her i går kveld og fekk ordna sånn at eg kan bruka strømuttaket på kjøkkenet. Men foreløpig bare te ein ting om gongen. Så kjøleskapet står i te vanlig, men når eg trenge komfyren eller varmtvatn trekke eg det ut og sette i det eg trenge. Vatn koke eg på soverommet. Så sånn e det.

tysdag 26. august 2008

For ein dag!

I kvardagen e det lett å glømma at eg faktisk bur i Khovd. Men plutselig skjer det noke som gjer at du blir minna på at det e sånn det e.

Dagen starta begivenhetslaust med at eg assisterte i 2 timar kunst og håndverk. Ette desse hadde eg ingenting før SFO kl halv 2, og tenkte å bruka tiå på planlegging og forberedelsar. Blant aent måtte eg handla inn bakevarer, programmet for SFO i ettemiddag va nemlig at me sko heim te meg for å se leiligheten og baka sjokolademuffins. Det førsta som skjedde va at eg ikkje fekk tak i egg. Det hadde ærlig talt ikkje falt meg inn at det konne bli et problem å kjøpa egg, men ette å ha lett gjennom fleire butikkar, spurt erfarne Khovd-bebuerar ette tips, gått tebake te butikkar som va stengt når eg prøvde første gong, så innsåg eg at egg ikkje va å få tak i. Historien endte med at rektorfruen ofra noken egg som hu hadde.

Så sko me altså baka. Det va stor stas, me blanda og rørte te den store gullmedaljen. Når eg sko setta muffinsane i steikeovnen (som eg ikkje har brukt før) fant eg plutselig ut at eg bare har ei rist, men ikkje langpanne. Eg va sikker på at eg hadde steikebrett, men den gang ei. Jaja, tenkte frøken Hauge og la muffinsformene ut øve ristå, og satte klubben inn i ovnen.

Det hadde ikkje gått mången minuttane før det lukta skummelt svidd i leiligheten, og det viste seg at stikkontakten såg sånn ut:
Søren. Siden det bare e et strømuttak i kvart rom blir detta her på kjøkkenet brukt te både varmtvannstank, kjøleskap og komfyr. Det har gått bra te nå, men når eg brukte steikeovnen blei det nok. Me fekk skrudd av komfyren og dratt ut kontakten - så nå har eg ikkje strøm på verken varmtvatnet eller kjøleskapet - og sko gå ner på skulen for å steika ferdig herligheten. Men improvisasjonen min med rist i stedet for steikebrett hadde gått litt skeis, så i steikeovnen såg det sånn ut:Me fekk plukkt med oss muffinsane som fortsatt va i orden (det va tross alt flesteparten), kom oss ner på skulen der strømmen gjekk når me kom inn dørå, men takk og lov så kom an på igjen ette ei kort stonn, og me fekk stekt og spist muffinsane. De blei faktisk god. Men nå har eg brukt opp kvoten min av krefter for ein dag!

Når sånt skjer så e det litt deilig å tenka at det e faktisk noken som har det verre. På søndag va me nemlig på tur 2,5 mil herfra te ein aen "kommune" der det bur ein liten amerikansk misjonærfamilie. Dei bur i samme inngjerding som ein mongolsk familie, og desse familiane har kvar sin ger (mongolsk telt) som de bur i. De bruke vatn fra elvå, og ellers reise de te Khovd, sivilisasjonen, for å dusja ein gong i vekå. Dagane går te å knytta relasjonar og prøva å få igang litt misjon/hjelpearbeid ette kvart. Men de må vær forsiktige, for området e spesielt fiendlig mot kristne. De rekne med at det e 5 kristne i kommunen. Ka som får sånne folk te å gjer det de gjer, det begripe eg ikkje. Jo, det må jo vær snakk om kall, men det e imponerande kossen den familien har klart å forlata så møkje materielt og ellers. Plutselig blei eg glad eg har dusj i det heila tatt, om det ikkje e varm vatn i an for tiå...

Me spiste inne i geren te den mongolse familien. Gerar e bare et, rundt rom, og detta e ca halve rommet. Det e ikkje møkje boltreplass! Onna her e mor i huset som koke suppa te oss. Ovnen pleie å stå inne i geren, men dei hadde an vel ute siden det e sommar og varmt nok uansett.Det va 3 stykk som sykla på denna turen, mens me va 3 som kjørte følgebil. Og det va me glad for! For ein gongs skyld va det ikkje sol og blå himmel, men sandstorm, regn og hagl. Men desse guttane her sykla både bort og heim igjen. Imponerande! Konne sikkert lagt ut om turen og, men det får bli ein aen gong...

laurdag 23. august 2008

Å finna seg sjøl

Eg holde jo på med et unikt prosjekt i år, med tanke på det at eg reise tebake te det landet eg vokste opp i. Det gir ein del spesielle situasjonar, både gode og dårlige, og det komme eg sikkert tebake te når det passe sånn. Men noken e bare vittige. Feks det å pakka opp ein skule som eg har gått på i 5 år sjøl.

Den sista vekå har komt øve, blant aent:
Ein god haug VHSar som det står HAUGE på med sprittusj.
Lika mången bøker det står "Hauge, utlånt DNS" inni.
Oppgavebokå mi i norsk fra 3.klasse. Ja, hu va der fortsatt ette 11 år.
Matboksen vår som har blitt min igjen:

Ein del ting eg har vært med og lagd, feks gardinene me har på skulen, potettrykt høsten 99 om eg ikkje huske heilt feil:Putetrekket mitt e av samme stoff som skillegardinå eg og Sissel hadde på rommet vårt. Tilfeldig? Neppe.
Og her ein dag dukkte det opp noken gamle fotoalbum med det eina blinkskuddet ette det andra av meg og resten av gjengen som gjekk på DNS på den tiå. Feks detta bildet fra 5.klasse:

Så for tiå finne eg meg sjøl, heilt bokstavlig talt. Som sagt, det e vittig. Og det e nå litt godt at litt av det Mongolia eg kjenne fra eg va liten e her ennå...

Og sånn ser det ut her, e det ikkje nydelig? Fra skuleturen te elvå på torsdag, me prøvde (og mislyktes i) å setta opp lavvoen...

onsdag 20. august 2008

Første skuledag

Då va me i gang!

Klokkå 9 i dag morges møtte 4 spente 1.-3. klassingar, ein rektor, ein lerar og ein miljøarbeidar opp på den norske skulen i Khovd for å starta et nytt skuleår. Det gjekk som det suste! Dagen i dag handla mest om å bli kjent med kvarandre, skulen og uteområdet. Trur alle syns det såg greit ut! Uansett veldig kjekt å komma i gang. I mårå drar me på tur te elvå, på fredag har me litt forskjellig opplegg, og fra mandag av kjøre me vanlige veker med timeplan og faste lekser.
Oppgavene mine på skulen blir:
- undervisa i musikk og gym, og væra med i norsk og kunst og håndverk
- ha førskule med to "nullteklassingar"
- ha SFO kvar ettemiddag med alt mulig opplegg, matlaging, turar, spel, lek - bare fantasien og kapasiteten sette grenser!
I tillegg ska eg sitta barnevakt ein gong i vekå, og der har me egentlig arbeidsoppgavene mine i år. Eg e voldsomt spent på kossen detta blir, men alt ligge an te at detta kan bli jysla kjekt:D
Å, pleie det ikkje å gå esel i gatene der du e i år, seie du? Jaja, her ser du et eg traff her ein dag.
Og eg må forresten gjer oppmerksom på at det komt noke nytt i margen her på bloggen, nemlig postadresså mi. Hu står der for å brukas. Eg tør nesten garantera svar på alle brev, så hvis du har tom posthylla for tiå e det bare å setta seg ner og skriva!

søndag 17. august 2008

Eg kjøre bil

Først og fremst: eg e blitt god igjen. Takk te alle som har bekymra seg! Det gjorde seg med ein del timar te sengs, og allerede utpå dagen på fredag va eg igang igjen, om enn litt redusert. Nå har eg sove godt og møkje dei siste nettene (og sett ein del episodar Akutten...) så nå e eg på plass igjen. Herlig! Det e noke dritt når ein ikkje fungere sånn som ein vil.

Men øve te noke ennå kulare:
Ja, sånn e det bare. Eg har vært ute i dag og kjørt bil. Og det e kje noke Golf detta, for å sei det sånn! (Eg trur faktisk bilen te Finken hadde fått plass onna denna her:p) Her det møkje av det mesta, både krefter og kvalitet og det som e. Eg må innrømma eg syns det e SKAMKULT at eg som 18åring får kjøra rundt i noke sånt. Men, det må vær sagt, at her trengs det at bilane e såpass og. Vanlige personbilar som folk tralle rundt i i Norge hadde ikkje holdt mången metrane før de hadde sotte seg fast i ei grøft/punktert/snurra rundt/drukna...
Her ser dåkke vei av forholdsvis god standard, hvis ein fortsette bortøve her havne ein i UB ette ein 30-40 timars kjøring.
Og her skimte dåkke den svære innsjøen som ligge utanfor byen.

Eg har nettopp komt inn ette ein biltur sammen med Mari og Øystein (eg måtte ha meg ein "kjøretime" i detta vidunderet av ein Land Cruiser). Me kjørte øve ein knaus utanfor byen her og såg altså ner mot innsjøen på eina siå og byen på andre. Detta va akkurat mens solå gjekk ner, og va bare vidunderlig fint. Det e et sprøtt land eg e i, og naturen må opplevas, det går ikkje an å forklara med verken bilder eller ord. Det e brunt, flatt, svært og heilt tomt og uberørt. At detta e samme klode som dei norske fjordane og fjellå ligge i, det e meir enn eg begripe.

Denna bilturen va ein liten impulsting på vei heim fra elvå. Heile NLM-Khovd va på tur i dag, 20 stykk med stort og smått! Der va det grønt og rolig, me bada og lekte og koste oss. Nais. Eg trur me trenge å vær litt i lag på denna måten og, for ellers går det mest i bygging og bæring for tiå. Det e litt av ein jobb å starta opp nytt sånn som me gjer her, særlig når me ska bygga hus, flytta inn i kontor, skule og heimar og få alt te å fungera rimelig bra. Det e jo så møkje som må fiksas av elektrisitet og røyr og vasking og oppakking at det e te å bli matt av. Eg har styrt på skulen, som jo e det eg ska ha mest å gjer med. Me har skulestart på onsdag, og har dreve og bert på pultar, satt bøker i hyller, ordna kjøkken og litt av kvart. Håpe alt blir sånn tålig i orden te elevane komme... Ellers glede eg meg te skulestart, det e ein herlige gjeng ongar og me ska finna på heftig møkje gøy sammen!!