fredag 17. oktober 2008

Tog baihgui

e noke som har blitt sagt ein del dei siste dagane. Ka det betyr?

Strømmen e vekke.

Det e jo passe ustabilt med alt som hette elektrisitet, vatn og varme i detta landet. Det e vanlig at ting koble ut innimellom, men som oftast tar det ikkje så veldig longe tid før det e tebake igjen. Om dagen e det blitt ganske vanlig at strømmen går og komme igjen og går og komme igjen fleire gonger i løpet av kort tid, noke som kan væra plagsomt nok når ein feks sitte og jobbe på datamaskin uten batteri. Men det går greit te vanlig. Eg tenke ikkje lenger på at det ikkje e vatn i springen når eg vil vaska hendene, då tar eg bare fra bøttå som alltid står klar på siå av vasken. Sånn e det bare.

Men på onsdag fekk me beskjed om at strømmen kom te å væra vekke torsdag te søndag, og bare komma på igjen om nattå. Når strømmen går går vatnet og, så livet blir jo litt tungvindt når det blir lenge om gongen. Det som e litt skummelt nå e at det begynne å bli så kaldt at me har bruk for varme inne i husene. Me har jo sentralvarme, radiatorar med varmt vatn som komme fra ein eller aen sentral, men dei blei skrudd på forrige veka og har fortsatt sine årlige startproblemer. Så me e avhengige av å ha elektriske ovnar te å varma med. Men når me ikkje har strøm blir det litt vanskelig...

Men som alltid i detta landet blei ikkje ting som me hadde trudd. Strømmen gjekk allerede kl 7 onsdag kveld, men kom igjen ette noken timar. An va der heile torsdagen, men va vekke igjen noken timar den kvelden og. I dag gjekk strømmen midt i potetkokingå klokkå 5 (men gassplata redda middagen) og kom igjen og gjekk igjen og kom igjen og blei værande ette 2-3 timar. Så detta e ikkje så ille! Men de styre med ettelleraent, og det e bare å væra glad når det e strøm men ikkje bli altfor skuffa når an forsvinne. Og holda varmen så godt ein kan.

laurdag 11. oktober 2008

Jeg satte brillene på min nese...

Eg e heima igjen i Khovd. Har hatt ei veldig koselige veka i UB, avslutta med overnatting med de minste ungane natt te i dag. Det va stas! - men det e jammen meg godt å væra heima i min egen leilighet igjen og...

Med meg i bagasjen vestøve nå hadde eg med meg flere nyinnkjøpte ting. Deriblant:
1 stk brille

Forklaring:
Eg har merka at armane mine har blitt stadig kortare når eg lese, særlig om kvelden. Eg har altfor ofta tatt meg sjøl i å sitta med det eg ska lesa på ein armlengde ut fra kroppen mens eg myse og streve for å fokusera. Rett og slett det dei fleste oppleve når de komme litt opp i årene:) Plutselig blei det sånn at eg i går ettemiddag havna hos ein optikar for å sjekka kossen det egentlig sto te med auene mine. Der styrte ei nyutdanna og ei gammal utdanna dama med testar og styr ganske lenge, og resultatet blei at eg kjøpte med meg lesebriller. Og det e et herlig liv! Styrken e + 0,5. Møkje? Nei. Merke eg forskjell? JA!

onsdag 8. oktober 2008

UB

Akkurat nå e eg i Ulaanbaatar. DNS i Khovd har haustferie denna vekå, så då passte det godt å gi dei to familiane her i byen litt ettåringtid. Her e ungane ein del eldre enn i Khovd, yngste går i 2.klasse og eldste i 10. Då blir det litt andre aktiviteter og måtar å arrangera ting, kjekt med litt avveksling fra kvardagen.
Me starta rett på når eg kom fra flyplassen på lørdag (ette ein flytur som va heller interessant. Snakkte engelsk, tysk og mongolsk om kvarandre med ymse (mann)folk, blant aent to østerrikerar og ein ukrainer som hadde vært på jakt. Utrulig ko møkje folk klare å fortella om seg sjøl i løpet av ein 3 timars flytur...). Men ja, eg kom altså te gjestehuset i 9tiå, der venta dei største av ungane i byen + noken som e på besøk fra Norge. Me lekte og koste oss te longt på natt, va ute og spiste neste dag, og så på ettermiddagen kom dei yngste ungane og og va der sammen med oss resten av dagen. Då kjørte eg bakekonkurranse (takk, 3 år med lagsteam i Flatdal) som blei ein suksess som alltid!Mandag hadde eg fri på formiddagen, så då fekk eg handla og ordna litt forskjellig som e greit å få gjort når eg e i byen. Merke et lite kultursjokk, det e seriøst ein heilt aen kvardag her enn i Khovd. Her kan du gå inn i ein butikk og med 99% (i motsetning te omtrent 30%) sikkerhet veta at de har melk. Og du kan eta mat på restaurant som smake som noke du kunne fått på restaurant kor som helst i verden. Og det e ikkje sånn at alle mongolerar du går forbi på gatå rope hello te deg, for de e jo så vant te å se utlendingar! Men så må du rekna enormt med tid for å forflytta deg i byen, for det e rett og slett altfor mången bilar og folk e altfor dårlige te å følga trafikkregler. Og forurensingå har allerede begynt å legga seg øve byen for vinteren...

Men ja. Mandag ettemiddag lekte eg med ungane. Tirsdag va eg ein tur på den internasjonale skulen, ISU, for der har de International week denna vekå med diverse opplegg. I går va det host country day, så alle kledde seg i mongolske kler og så såg me diverse opptrinn. Og eg har sett to lærarar som eg kjente igjen fra mi tid på ISU, for 11 år siden! Artig. Den ettemiddagen va eg med de største på kino og såg Mamma Mia. For 5 kinobillettar, 5 gigasvære popcornbøtter og 5 drikker betalte me ganske nøyaktig det samma som eg betalte for 1 billett og ein liten popcorn når eg va og såg den samme filmen rett før eg reiste fra Norge!

I dag e det baking med de minste, og markering av at Isak fylle 10 år. Og i mårå ska eg steika vafler te Food event på ISU, der alle elevane ska ha med mat fra sitt land. Det e heilt utrulig ko møkje dei ungane som går på den skulen får med seg. Ikkje bare har de et heftig skuleopplegg der de lere ting elevar i Norge lere mången år seinare, men de blir drevne i engelsk og får masse impulser fra ulike land og tankemåtar. Det kreve møkje, men når ungane trivs med det trur eg ikkje det fins bedre utdanning - jaffal når de får litt ekstra undervisning i norsk i tillegg:)

Ellers ein ting te: dei siste dagane har 3 ulike mongolske gubbar (taxisjåførar o.l.) spurt om de kan få mobilnummeret mitt. For ei jenta som aldri har fått sånne spørsmål på den måten før e det litt rart. Eg bare skravle med folk og syns det e kjekt å bruka mongolsken, og så ska de plutselig ha nummeret mitt! Men nå har eg utvikla taktikken som e som følger: lyga. For nei, eg har ikkje mongolsk telefonnummer (evt: eg har mista telefonen og den eg har i håndå e ein eg låne) og ja, eg har definitivt kjæreste som vente på meg i Norge.

fredag 3. oktober 2008

Elias!

I dag feira me 7årsdag på skulen, med vafler og film. Filmen me såg va utvalgte episodar om båten Elias. Eg har vært klar øve at detta har gått på barne-TV, men eg hadde aldri sett det på ordentlig før i dag.

Og det va ei opplevelse! Fytti så vittig! Eg satt der sammen med ungane og knakk meg i 70 minutt mens dei kniste litt rolig innimellom. Dei kommentarane, detaljene, karakterane og ikkje minst dialektene! Eg ler litt bare av tanken...

tysdag 30. september 2008

Ferskt kjøtt

På lørdag va eg på tur sammen med mången av dei norske og mongolske som jobbe på kontoret. Me kjørte (og noken sykla) 4-5 mil og slo oss ner ved ei elv der borte. Me hadde med fiskeutstyr, leker, godt humør og ein mengde mat. Baki den bilen eg kjørte i bort hadde me ein sau som va blitt kjøpt på markedet for 15o kroner dagen før. Når me kjørte tebake igjen fra elvå spurte 3åringen i bilen forskrekka kor det va blitt av sauen hen? Då måtte me sei som sant va, at den hadde me alle sammen vært med og spist. Mongolerane lagde nemlig horhog. Og det foregjekk omtrent sånn:

Her står sauen og ane lite om sin skjebne.

Ein time seinare såg sauen sånn ut: Her e skinnet tatt av, innmaten e tatt ut, og nå e det hjerta og blodet som ska vekk. Det e visst ein forskjell fra kossen ein slakte i Norge der ein kutte strupen så alt blodet renne ut med ein gong, mens her klemme de på ei blodåra eller ettelleraent for å drepa dyret sånn at blodet blir værande inni.

Detta låg inni sauen. Det som ligge bakerst e rensa tarm, den brune klompen e magesekken, framme ser du leveren og litt forskjellig. Detta blei tatt vare på og tilberedt seinare, så eg fekk dessverre ikkje smakt på det.Kjøttet blei delt opp og lagt i et melkespann sammen med oppvarma steinar og grønnsaker. Alt detta blei lagt på bålet, og ette ei god stund kunne me nyta "grilla" sauekjøtt med tilbehør. Det e egentlig ganske godt:)Og ja, mens me venta på maten bestemte heile skokken med ungar seg for å kasta meg i elvå. Sjøl om de va mången som halte og dro måtte de innse at (sitat:) rompå va for tung, så de gjekk øve te å kitla meg i steden. De har ennå ikkje funne ut ko utrulig kitlen eg egentlig e, men eg trur de fekk ein anelse då... Ein av ungane nappa te seg kameraet mitt og tok følgande blinkskudd mens alt sto på:Sånn va det med den saken.

laurdag 27. september 2008

GRATULERER!

For noken dagar siden fekk eg telefon fra Norge.
I andre enden va ei herlige jenta og ein nyhet eg har venta på.

Solgunn og Tarjei har forlova seg!

Dei e glade, eg e glad og livet e bare herlig!
Her e ein liten bildekavalkade te deiras ære:

Glad i dåkke begge, glede meg te fortsettelsen:)




Mvh faster Ingebjørg - "the friend who always agrees with you"

onsdag 24. september 2008

Speling

Før eg komme inn på det som øveskriftå antyde, må eg bare fortella litt fra tidligare i vekå. På mandag va det nemlig strømbrudd. Og når strømmen ryke forsvinne vatnet og, og ein blir med ein gong passe forvirra og hjelpelaus. Strømmen gjekk altså mandag formiddag, og ette kvart fekk me hørra at an sko væra vekke i 3-4 dagar. Eg innstilte meg på å kjøpa vatn og ta i bruk gassplatå eg har liggande te sånne anledningar, og ellers ta livet litt som det kom.
Så hadde me kvinneforening eller ka ein ska kalla det, det e dei norske damene i Khovd som samle seg aenkvar mandag for å få påfyll. Så satt me og ba, og detta med strømmen og vatnet blei jo nevnt. I det me sa amen blei det plutselig lyst - strømmen va tebake! Heile neste dag gliste eg kvar gong eg skrudde på ein vannkran eller brukte komfyren, det e fillen meg ikkje sjølsagt at ein har sånne ting.

Ellers fryse eg litt for tiå, det har nemlig blitt haust. Vetkje ko mången grader det e ute, men det blåse surt og e kjølig, så ullsokkane e gode å ha. Sentralvarmesystemet e ikkje skrudd på ennå, så fram te i dag har temperaturen i leiligheten min krøpe stadig nærmare temperaturen i kjøleskapet. Men nå har eg fått meg varmeovn, så nå e det bare fryd og gammen. Det va jammen meg ein jobb å krypa ut av dynå om morningen når det va 10-20 grader kaldare utanfor dynå enn onna! (Kommentar te det der: Vinduene i leiligheten min vende mot sør og vest, så eg har sol inn fra formiddagen te solå går ner om kvelden. Men ikkje om morningen, så då e det kaldt her inne)

Men eg sko skriva om speling. Eg har vært med på spelekveld to kveldar på rad nå. Den i går gidde eg ikkje skriva så møkje om. Det va nemlig yatzykveld med dei norske, me va 7 stykk, derfor delte me oss i to grupper, der dei to beste i kvar gruppa gjekk videre te finalen. Eg va på gruppå med 3 på - og eg fekk yatzy!- men likavel va det ikkje bra nok te å få bli med i finalen. Men B-finale kan vær kult det og. Yeah right. Som sagt, detta e ikkje noke å snakka om. Kanskje neste gong, når vinnaren, yatzy-kongen, invitere te nytt slag, kanskje det går bedre då.

I kveld hadde eg besøk av to mongolske jenter. Eg treffe stadig folk som vil treffa meg for å praktisera engelsken sin, men eg har jo ikkje tid te å skravla med alle disse i hytt og pine. Så eg inviterte 3 stykk te meg i kveld for å samla de litt og ha det litt sosialt i tillegg. Hu eina konne ikkje komma, men då va det altså to stykk og meg som spelte Ticket så det suste. Artig å forklara og spela på ein herlig blanding av mongolsk og engelsk, men eg trur de skjønte prinsippet. Eg har ikkje hatt så møkje kontakt med mongolerar fram te nå, så eg syns det va kjekt bare det å væra i lag med folk som eg kanskje kan kalla venner ette kvart.

Her e de i full gang :)

Ellers et lite tips for spesielt interesserte: les på bloggane som står under "Mongolere" i margen. Kvam og Andersson e familiar som bur her i Khovd, og dei og skrive møkje om ting som skjer og kossen kvardagen e her. Eg tør påstå at folk som følge med på min og desse bloggane te sammen vil få et ganske detaljert bilde av livet som nordmann i Khovd!