tysdag 30. september 2008

Ferskt kjøtt

På lørdag va eg på tur sammen med mången av dei norske og mongolske som jobbe på kontoret. Me kjørte (og noken sykla) 4-5 mil og slo oss ner ved ei elv der borte. Me hadde med fiskeutstyr, leker, godt humør og ein mengde mat. Baki den bilen eg kjørte i bort hadde me ein sau som va blitt kjøpt på markedet for 15o kroner dagen før. Når me kjørte tebake igjen fra elvå spurte 3åringen i bilen forskrekka kor det va blitt av sauen hen? Då måtte me sei som sant va, at den hadde me alle sammen vært med og spist. Mongolerane lagde nemlig horhog. Og det foregjekk omtrent sånn:

Her står sauen og ane lite om sin skjebne.

Ein time seinare såg sauen sånn ut: Her e skinnet tatt av, innmaten e tatt ut, og nå e det hjerta og blodet som ska vekk. Det e visst ein forskjell fra kossen ein slakte i Norge der ein kutte strupen så alt blodet renne ut med ein gong, mens her klemme de på ei blodåra eller ettelleraent for å drepa dyret sånn at blodet blir værande inni.

Detta låg inni sauen. Det som ligge bakerst e rensa tarm, den brune klompen e magesekken, framme ser du leveren og litt forskjellig. Detta blei tatt vare på og tilberedt seinare, så eg fekk dessverre ikkje smakt på det.Kjøttet blei delt opp og lagt i et melkespann sammen med oppvarma steinar og grønnsaker. Alt detta blei lagt på bålet, og ette ei god stund kunne me nyta "grilla" sauekjøtt med tilbehør. Det e egentlig ganske godt:)Og ja, mens me venta på maten bestemte heile skokken med ungar seg for å kasta meg i elvå. Sjøl om de va mången som halte og dro måtte de innse at (sitat:) rompå va for tung, så de gjekk øve te å kitla meg i steden. De har ennå ikkje funne ut ko utrulig kitlen eg egentlig e, men eg trur de fekk ein anelse då... Ein av ungane nappa te seg kameraet mitt og tok følgande blinkskudd mens alt sto på:Sånn va det med den saken.

1 kommentar:

Eirik Brekke Hauge sa...

ååå... horhog :D:D:D Det e jo drit gått :D:D:D