Så va eg i kjerkå der me song litt julasongar, men det tok ikkje av før me om ettemiddagen hadde adventssamling med dei norske for å synga julå inn. Oi, det va koselig! Bladde oss gjennom songbøker og song det me følte for. Ette kvart fant eg fram fløytå og spelte med. Den har fått kvilt seg godt i haust, men det e nå kjekt å spela sammen med piano og sånne fine songar og alt mulig. Obs: bildet e meg som spele fløyta, men ikkje fra i går for å sei det sånn...
I dag satte me opp julatre på skulen. Fordelen med kunstig tre e at ein e litt friare i forhold te ka ti og ko lenge ein har treet framme. Og siden det bare e to veker med skule igjen før jul va det på tide.I lunsjen såg me dei første 10 minuttene av Reisen til julestjernen. Planen e å komma gjennom heile filmen før ferien starte. Både eg og ungane syntes egentlig 10 minutt va altfor lite.
Og i ettemiddag va eg hos Kvamane og spiste middag, og ette maten va det sjølsagt tid for Skomakergata. Den serien har egentlig blitt litt ødelagt for min del pga realistiske og deprimerande kommentarar som: "Han skuespelaren der e vel død? Ja trur det, men han der e jaffal død" og "Har dåkke lagt merke te at det alltid snør i Skomakergata men at det aldri blir meir snø på bakken for det?" men det va utrulig gøy å se ungane, særlig dei minste som såg det for første gong, sin begeistring. Det gir meir julestemning å væra med ungar, engasjementet smitte av!
Så gjekk eg heim og skrudde på Carola på fullt
mens eg lagde deig te julamenn. Fekk nemlig hjortetakk og oppskrift fra mamma i dag, så nå ska det bli julakaker!
2 kommentarer:
"leve han nå, nei, han e vell dø. Men han leve? å nei, han døde ifjor han"
Kjenne meg litt igjen ja :P
Koss blei julemennene?
Legg inn en kommentar