torsdag 4. september 2008

Skuletur!

I går morges drog 4 elevar og 4 voksne på skuletur. Me kjørte te ein svære innsjø som ligge ein liten times kjøretur herfra, og med oss hadde me kanoar, lavvo, ved, fiskegarn og store mengder mat. Dagen i går blei brukt godt. Først hadde me et lite kurs i livet ved vatnet - knutar og båtvett. Ja, nå kan eg og pålestikk! Og så va det ut i kano, eg trur det va første gong for alle elevane, i alle fall første gong de fekk padla sjøl. Kano blei ein stor slager, de va uti utallige timar, og blei så flinke som bare juling!
Det va noken som prøvde seg på litt fisking. Me hadde hørt at det va fisk i detta vatnet, men me ante ikkje ka slags eller ko møkje. Fisking med stong ga små resultat, så me bestemte oss for å setta garn i steden. I dag tidlig va me ute og henta garnet, og eg trur me får sei oss fornøyd med fangsten:
Jadda, 29 fiskar, av dei ein ganske stor. Kan det bli bedre? Disse blei sløyd og stekt te frokost, men de va heftig beinete så gleden blei litt amputert. Men alle fekk jaffal ein smakebit av heilt egenfiska fisk. Lite e så godt som det, med eller uten bein.
Ein blir sulten av å væra ute i frisk luft, så me har spist ein masse brød i løpet av turen, i tillegg te middag i går som va pølser og potetstappa - sjølsagt tilberedt på bål. Og i går kveld hadde me kveldskos med potetegg og epler bakt på bål i aluminiumsfolie. Mmmm... Trøtte blir ein og, og eg og elevane sov godt i lavvoen. (Den nye soveposen min e innvia, den va et godt kjøp! nydelig) Dei andre voksne va i lavvoen heile nattå dei og, men de får snakka for seg sjøl når det gjelde ko godt de sov...Dagen før me drog på tur va det et sprøtt ver her i Khovd, med hagl og regn og vind og det som e. Me va litt bekymra for kossen det sko bli med sånt på turen, men me kunne ikkje vært heldigare! Me har hatt sol heile tiå, og ein liten bris som gjorde at det ikkje blei for varmt, og som holdt myggen unna. I tillegg trur eg ein del mygg blei slått i hjel av den haglbygå. Det va heilt vilt store hagl!
Og ein siste ting: me såg ulv i dag morges! Et stykke unna såg me et stort hundeaktig dyr som labba for seg sjøl. Og noken mongolerar som kom bortom sa at det va blitt sett ulv i området, så det kunne nok stemma. Eg e bare glad han ikkje kom på besøk mens me låg og sov:D

2 kommentarer:

Eirik Brekke Hauge sa...

Se ein ulv om morgenen, det bringe jo lykke det vett du ;) :P

Solgunn sa...

D e godt du kose deg! Koss e ongane dine? PS: e der månge hestar der ute nå, eller va d bare før?