tysdag 26. august 2008

For ein dag!

I kvardagen e det lett å glømma at eg faktisk bur i Khovd. Men plutselig skjer det noke som gjer at du blir minna på at det e sånn det e.

Dagen starta begivenhetslaust med at eg assisterte i 2 timar kunst og håndverk. Ette desse hadde eg ingenting før SFO kl halv 2, og tenkte å bruka tiå på planlegging og forberedelsar. Blant aent måtte eg handla inn bakevarer, programmet for SFO i ettemiddag va nemlig at me sko heim te meg for å se leiligheten og baka sjokolademuffins. Det førsta som skjedde va at eg ikkje fekk tak i egg. Det hadde ærlig talt ikkje falt meg inn at det konne bli et problem å kjøpa egg, men ette å ha lett gjennom fleire butikkar, spurt erfarne Khovd-bebuerar ette tips, gått tebake te butikkar som va stengt når eg prøvde første gong, så innsåg eg at egg ikkje va å få tak i. Historien endte med at rektorfruen ofra noken egg som hu hadde.

Så sko me altså baka. Det va stor stas, me blanda og rørte te den store gullmedaljen. Når eg sko setta muffinsane i steikeovnen (som eg ikkje har brukt før) fant eg plutselig ut at eg bare har ei rist, men ikkje langpanne. Eg va sikker på at eg hadde steikebrett, men den gang ei. Jaja, tenkte frøken Hauge og la muffinsformene ut øve ristå, og satte klubben inn i ovnen.

Det hadde ikkje gått mången minuttane før det lukta skummelt svidd i leiligheten, og det viste seg at stikkontakten såg sånn ut:
Søren. Siden det bare e et strømuttak i kvart rom blir detta her på kjøkkenet brukt te både varmtvannstank, kjøleskap og komfyr. Det har gått bra te nå, men når eg brukte steikeovnen blei det nok. Me fekk skrudd av komfyren og dratt ut kontakten - så nå har eg ikkje strøm på verken varmtvatnet eller kjøleskapet - og sko gå ner på skulen for å steika ferdig herligheten. Men improvisasjonen min med rist i stedet for steikebrett hadde gått litt skeis, så i steikeovnen såg det sånn ut:Me fekk plukkt med oss muffinsane som fortsatt va i orden (det va tross alt flesteparten), kom oss ner på skulen der strømmen gjekk når me kom inn dørå, men takk og lov så kom an på igjen ette ei kort stonn, og me fekk stekt og spist muffinsane. De blei faktisk god. Men nå har eg brukt opp kvoten min av krefter for ein dag!

Når sånt skjer så e det litt deilig å tenka at det e faktisk noken som har det verre. På søndag va me nemlig på tur 2,5 mil herfra te ein aen "kommune" der det bur ein liten amerikansk misjonærfamilie. Dei bur i samme inngjerding som ein mongolsk familie, og desse familiane har kvar sin ger (mongolsk telt) som de bur i. De bruke vatn fra elvå, og ellers reise de te Khovd, sivilisasjonen, for å dusja ein gong i vekå. Dagane går te å knytta relasjonar og prøva å få igang litt misjon/hjelpearbeid ette kvart. Men de må vær forsiktige, for området e spesielt fiendlig mot kristne. De rekne med at det e 5 kristne i kommunen. Ka som får sånne folk te å gjer det de gjer, det begripe eg ikkje. Jo, det må jo vær snakk om kall, men det e imponerande kossen den familien har klart å forlata så møkje materielt og ellers. Plutselig blei eg glad eg har dusj i det heila tatt, om det ikkje e varm vatn i an for tiå...

Me spiste inne i geren te den mongolse familien. Gerar e bare et, rundt rom, og detta e ca halve rommet. Det e ikkje møkje boltreplass! Onna her e mor i huset som koke suppa te oss. Ovnen pleie å stå inne i geren, men dei hadde an vel ute siden det e sommar og varmt nok uansett.Det va 3 stykk som sykla på denna turen, mens me va 3 som kjørte følgebil. Og det va me glad for! For ein gongs skyld va det ikkje sol og blå himmel, men sandstorm, regn og hagl. Men desse guttane her sykla både bort og heim igjen. Imponerande! Konne sikkert lagt ut om turen og, men det får bli ein aen gong...

5 kommentarer:

Sigrun sa...

Fantastisk! muffinsane såg gode ut da, fekk nesten ein slags flash-back t Sjusjøen-turen vi hadde. NAM!!! eg har bytta adresse t bloggen min:
sigrun-i-nepal.blogspot.com. Du må kanskje endre på innstillingane dine i margen på bloggen din! Smask og dask:D

Liv Astrid sa...

Ingebjørg + matlaging = hmmmmmmm.
Jeg har endra bloggadresse. liv-i-leiren.blogspot.com. Hare kos!

Lina sa...

hei Ingebjørg! For en dag! Mongolia på sitt beste/verste...? Lykke til med livet i Mongolia! Det er spennende å følge med deg og dere! Sender en klem fra Norge, tidligere ettåring Lina:)

Eirik Brekke Hauge sa...

Haha, så kult for å bruka et gammalt Ingebjørg ordtak :P

Anonym sa...

Haha, må bare kommentere muffinsene jeg også:P Haha, du og matlaging altså... Hehe, du blir nok bedre om en stund skal du se:P Men, du er nå litt flink også da=D Fikk litt sånn flash back til Sjusjøen jeg også! Ohh, for en fantastisk herlig tur, men fantastisk herlige folk, og fantastisk god Ingebjørgkake...hihi:P Turen må absolutt gjentas!!! JEg stiller med hytte=D