Ellers fryse eg litt for tiå, det har nemlig blitt haust. Vetkje ko mången grader det e ute, men det blåse surt og e kjølig, så ullsokkane e gode å ha. Sentralvarmesystemet e ikkje skrudd på ennå, så fram te i dag har temperaturen i leiligheten min krøpe stadig nærmare temperaturen i kjøleskapet. Men nå har eg fått meg varmeovn, så nå e det bare fryd og gammen. Det va jammen meg ein jobb å krypa ut av dynå om morningen når det va 10-20 grader kaldare utanfor dynå enn onna! (Kommentar te det der: Vinduene i leiligheten min vende mot sør og vest, så eg har sol inn fra formiddagen te solå går ner om kvelden. Men ikkje om morningen, så då e det kaldt her inne)
Men eg sko skriva om speling. Eg har vært med på spelekveld to kveldar på rad nå. Den i går gidde eg ikkje skriva så møkje om. Det va nemlig yatzykveld med dei norske, me va 7 stykk, derfor delte me oss i to grupper, der dei to beste i kvar gruppa gjekk videre te finalen. Eg va på gruppå med 3 på - og eg fekk yatzy!- men likavel va det ikkje bra nok te å få bli med i finalen. Men B-finale kan vær kult det og. Yeah right. Som sagt, detta e ikkje noke å snakka om. Kanskje neste gong, når vinnaren, yatzy-kongen, invitere te nytt slag, kanskje det går bedre då.
I kveld hadde eg besøk av to mongolske jenter. Eg treffe stadig folk som vil treffa meg for å praktisera engelsken sin, men eg har jo ikkje tid te å skravla med alle disse i hytt og pine. Så eg inviterte 3 stykk te meg i kveld for å samla de litt og ha det litt sosialt i tillegg. Hu eina konne ikkje komma, men då va det altså to stykk og meg som spelte Ticket så det suste. Artig å forklara og spela på ein herlig blanding av mongolsk og engelsk, men eg trur de skjønte prinsippet. Eg har ikkje hatt så møkje kontakt med mongolerar fram te nå, så eg syns det va kjekt bare det å væra i lag med folk som eg kanskje kan kalla venner ette kvart.
Her e de i full gang :)
Ellers et lite tips for spesielt interesserte: les på bloggane som står under "Mongolere" i margen. Kvam og Andersson e familiar som bur her i Khovd, og dei og skrive møkje om ting som skjer og kossen kvardagen e her. Eg tør påstå at folk som følge med på min og desse bloggane te sammen vil få et ganske detaljert bilde av livet som nordmann i Khovd!
2 kommentarer:
Ahh. Savner Kvitsund med sine spill ass! Her på Hald er Ticket To Ride en av toppspilla;)
Enig me Liver'n, eg har til å med begynt å vinne, o glede stor!!! Nå er det vaskedag her, snart kommer ein annan skap-asiat ut til det store, skumle, nye...
Legg inn en kommentar